Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

For næringsliv

Korona-tiltak i næringslivet

Her finn du relevant informasjon om korona for deg som er næringsdrivande.

Permittert eller oppsagd? 
Då kan du søke om forskot på dagpengar.

For å få forskot må du:

  • Ha søkt om dagpengar
  • Søke om forskot
  • Fylle grunnleggande krav for rett til dagpengar

Når kjem pengane?
Søk seinast tysdag 31. mars og forskotet kjem på konto fredag 3.april. 
Søk seinast fredag 3.april og forskotet kjem på konto onsdag 8.april.

Gå til nav.no og logg inn på Ditt NAV.

Regjeringa foreslo i dag, 27. mars, ei ny ordning for bedrifter som har ein betydeleg reduksjon i omsetninga som følgje av koronairuset. Les pressemeldinga frå regjeringa her.

Regjeringa legg 18. mars fram ei kompensasjonsordning for kultur, idrett og frivillighet.

Helsedirektoratet kom ut med tydelegare råd til varehandelen 17. mars.

Helsedirektoratet vedtok frå 16. mars å stenga ei rekke verksemder.

For å dempa dei økonomiske konsekvense av korona-situasjonen i næringslivet, kom regjeringa og Stortinget 16. mars 2020 fram til ein tiltakspakke.

Informasjon og råd til tilsette som blir permittert

NAV opplever stor pågang frå arbeidsgivarar som treng bistand og rettleiing for å sikra at varsel om permisjonar eller oppseiingar blir gjorde på ein god måte.Vi oppmodar alle arbeidsgivarar til å halda seg oppdatert på nav.no.

Tilsette med permisjonsvarsel finn oppdatert informasjon på nav.no. Dei skal ikkje henvende seg til sitt lokale NAV-kontor. 

Vi rår deg som arbeidsgivar å informere den permitterte om at han eller ho må registrere seg som arbeidssøkar og søke om dagpengar. Nødvendig dokumentasjon som arbeidstakarar som blir permitterte må sende inn, kjem fram på sida:  Vedlegg når du søker dagpengar.

Det er viktig at arbeidsgivarar sørger for at tilsette får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgivar slik at NAV får til ein smidig behandling av søknader om dagpengar. NAV har løpande kontakt med Arbeids- og sosialdepartementet om mellombelse regelendringar og andre tiltak som kan avlaste situasjonen. Dei vurderer fortløpande moglegheitene for å gjere forenklinger i saksbehandlinga.

Det kan skje endringar på kort varsel som følgje av arbeidet til regjeringa med tiltakspakken for korona-situasjonen. Informasjonen vil oppdaterast fortløpande på nav.no, og dette er den beste kjelda til oppdatert informasjon

Treng du som arbeidsgivar veiledning ut over dette?

Ring eller send SMS til: Bedrifter i Ålesund og omegn: 926 28 867 / 952 73 668

Forbod mot arrangement 

Det er innført forbod mot arrangement og samlingar med over 50 mennesker. Forbodet gjeld for alle, som for eksempel kulturinstitusjonar, utestadar, idrettslag og frivillige organisasjonar. Les heile forbodet på sida for lokale tiltak og forbod. 

Stenging av bibliotek, treningsstudio, parkar, idrettshallar og svømmehallar

Ålesund kommune har bestemt at alle bibliotek, aktivitetsparkar, treningssenter, idrettshallar, gymnastikksalar og svømmebasseng vert stengte for å hindre spreiing av koronavirus.

Stenginga gjeld fram til 1. mai, eller til ny beskjed vert gitt. Les heile forbodet på sida for lokale tiltak og forbod.

Til alle bevillingshavarar i Ålesund kommune

Helsedirektoratet har fatta vedtak med heimel i Smittevernloven § 4-1, andre ledd, om stenging av alle verksemder i serveringsbransjen (omfattar restaurantar, barar, pubar og uteliv), med unntak av serveringsstader der det foregår servering av mat, det vil seie kantiner og spisestader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst ein meter avstand. Servering av mat skal ikke skje som buffèt.

Vedtaket gjeld frå og med 12. mars klokka 18.00 til og med 26. mars 2020 med mogleg forlenging.

Helsedirektorates vedtak

Til toppen