Koronavirus

Endring i kommunale tenester

Endring i kommunale tenester på grunn av korona

Mange av kommunen sine tenester og tilbod vil ha avgrensa opningstid, eller halde stengt på grunn koronatiltaka. Fleire tenester vil òg bli gjort annleis. Kommunen må prioritere nødvendig infrastruktur og helse- og omsorgstenester. 

Under finn du rutinane om kva du bør tenke på før og under besøket.

Helsedirektoratet har gitt oss føringar for smittevernstiltak under koronapandemien. Tenestene våre vil framleis gjere nokre prioriteringar for kva oppmøtekonsultasjonar vi kan tilby. Nokre gruppekonsultasjonar går ut.

Helsestasjonstenestene skal vere ein trygg plass å komme til og vi har stort fokus på hygiene og reingjering. Vi har planlagt drifta for å unngå at mange ventar samtidig i ventesona. 

Til toppen