Koronavirus

Arrangement-, kultur- og idrettsliv

Arrangement-, kultur- og idrettsliv

Det er innført grense på inntil 20 personer på private samlingar på offentlege stader og i leigde lokale. 50 personar på arrangement innandørs utan fastmonterte seter. Inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte seter.

Arrangement

Reglar for arrangørar

Krav om bordservering ved arrangement

Sjå kva som gjeld for ansvarleg arrangør.

  • ​​Deltakarane må halde minst ein meter avstand frå kvarandre og det må vere ein ansvarleg arrangør. Dette gjeld alle arrangement.

  • Arrangøren skal halde oversikt over kven som er tilstade og ansvarleg for at smittevernråda vert følgt. 

  • De som er ansvarleg arrangør har eigne prosedyrar eller bransjestandardar for å ivareta smittevern og fører liste over dei som er til stades på arrangementet. Slike lister skal ein ta vare på i 10 dagar. 

  • Det er arrangøren som har ansvar med å overhalde føringane og kommunen er pålagt i §18 i forskrift om smitteverntiltak m.v. ved koronautbrudd å føre tilsyn. 
  • Sjå eige rundskriv frå staten.

Sjå kva som er omfatta offentleg stad og arrangement inne på helsenorge.no.

Er du ansvarleg arrangør og i tvil om du kan arrangere?

Vi ønsker at arrangørar skal halde seg til regelverket.

Dei som ønsker det kan registrere sitt arrangement og legge ved dokumentasjon så er vi informert. Er de i tvil om det kan arrangerast og treng rettleiing eller godkjenning, må det søkast. I utgangspunktet kan vi ikkje dispensere frå max deltakarar (600 utandørs og 200 innandørs), men vi kan gje råd om gjennomføring og organisering. 

Meld inn arrangementet eller aktiviteten innan 5 virkedagar før dato.  

Send inn digitalt skjema om ditt arrangement/aktivitet. 

Når eit arrangement blir avlyst, er det arrangøren sjølv som må bere dei økonomiske kostnandane dette fører til, jamfør smittevernlova 4-1 og 1-5

Ved arrangement for menneske i risikogrupper, ber vi om at dei får arrangement vurdert av kommuneoverlegen.

Til toppen