Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande

Dei som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare rehabilitering/habilitering når det skjer heime og vert tilpassa kvardagen for den enkelte.

Foto av blide eldre kvinner og menn foran prikkete bakgrunn - Klikk for stort bilete

Fleksible tenester som møter behovet for helsehjelp og oppfølging, gjer at helseutfordringane ikkje er til hinder for å oppleve tryggheit og gode kvardagar i eigen heim. ​

Ålesund kommune fattar vedtak om tenester som:

  • Tek vare på behov for rehabilitering/habilitering og som sikrar heilskapleg, tverrfagleg oppfølging av innbyggjarar med komplekse og samansette behov.
  • Er gode alternativ til bustadar med døgnteneste og som førebygger behov for meir omfattande helsehjelp​.
  • Førebygger utfordrande og utagerande åtferd​​.
  • Førebygger sjukehusinnlegging​​ ved å vere målretta og fleksible.

Habilitering og rehabilitering​

  • Hjelpemiddel (varige behov og kortidsutlån)​
  • Fysioterapi (kommunale og private med driftsavtale)​
  • Ergoterapi​
  • Kvardagsrehabilitering ​
  • Legemiddel assistert rehabilitering (LAR-team)​
  • Ruskonsulent​

Målretta tiltak​

  • Heimesjukepleie, døgnbemanna ​
  • Oppsøkande og heilskaplege tenester til menneske med alvorlege psykiske lidingar (ACT-team)​
  • Demensteam ​
  • Psykisk helseteam (for vaksne)​
  • Miljøterapeutisk team (psykisk helse)​
  • Habiliteringsteam (ambulant) (psykisk helse/utviklingsforstyrring)​
  • Integreringsbase – ettervern RUS​
  • Kreftkoordinator
  • (Ambulerande miljøarbeiderteneste for personar med nedsett funksjonsevne)​

Digitale løysingar

  • Digitale tilsyn (t.d. RoomMate)
  • Tryggheitsalarm med sensorar
  • Lokaliseringsteknologi (t.d. GPS)
  • Elektonisk medisineringsstøtte
  • Kommunikasjonsteknologi
  • Smarthusteknologi, til dømes automatisk lys- og varmestyring, porttelefon/døropnar
  • Kommunikasjonsplattformar
  • Digital oppfølging i lag med spesialisthelsetenesta