Innsatstrappa

Den heilskapelege innsatstrappa er strategien for korleis framtidas helsetenester skal se ut for alle.

Dei lågaste trinna gjeld tenester til alle innbyggarar utan vedtak, dei neste gjeld vedtaksbaserte tenester som til dømes gruppetilbod eller heimebaserte tenester. Dei øvste trinna i trappa er institusjonsbaserte tenester.​

Trinn 1: Attraktive og aktive lokalsamfunn

Alle som bur i Ålesund er aktive og engasjerte ​i eige lokalsamfunn. Her er det tenestane og møteplassane som gir tilhøyrsel, mangfald og trivsel.

Trinn 2: Helsefremjande og førebyggjande aktivitet

Innbyggarane i Ålesund skal vere aktive og gjere sunne val for si eiga helse.

Trinn 3: Tidleg innsats/Førebyggende lågterskeltilbod​

Vi tek aktive grep for å meistre livet og daglege aktivitetar. Det gjer vi også når livssituasjonen endrar seg og livet byr på ekstra utfordringar for oss sjølve, eller nokon vi har omsorg for.

Trinn 4: Meiningsfull og inkluderande kvardag

Vi opplever god livskvalitet når vi kan bidra med våre evner og ressursar i kvardagen, arbeidslivet, barnehagen, på skulen eller i aktivitetar.

Trinn 5: Kommunalt disponerte bustadar

Alle treng ein trygg heim. ​Dei som ikkje mestrar å skaffe seg eigen bustad, kan søkje om nødvendig støtte og rettleiing.  

Trinn 6: Leve godt i eigen heim

Innbyggarane i Ålesund skal leve godt i eigen heim​. Mange vil i periodar av livet trenge praktisk støtte og rettleiing i heimen for å kunne oppretthalde gode kvardagar. 

Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande

Dei som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare rehabilitering/habilitering når det skjer heime og vert tilpassa kvardagen for den enkelte.

Trinn 8: Bustadar med fellesfunksjonar

Innbyggarane i Ålesund har tilgang til ulike buformer, tilpassa eigne behov.

Trinn 9: Tidsavgrensa opphald

Har du i periodar omfattande behov for helse- og omsorgstenester, får du tidsavgrensa opphald i institusjon.

Trinn 10: Samlokaliserte bustader med personalbase

Innbyggarar som har vedvarande behov for døgntenester, får tilgang til tilrettelagt bustad der det er individuelt tilpassa tilgang på tenester med spesialisert fagkompetanse.

Trinn 11: Institusjon

Innbyggjarar med omfattande helse- og omsorgsbehov får heildøgns omsorg, når hjelpetiltak på lågare trinn ikkje lenger gjer dei i stand til å bu trygt i eigen heim.

Trinn 12: Bustad og institusjon – spesialiserte plassar

Har du ulike utfordringar får du tilgang til spesialiserte butilbod​.