Innsatstrappa

Innsatstrappa

Den heilskapelege innsatstrappa er strategien for korleis framtidas helsetenester skal se ut for alle.

Illustrasjon av innsatstrappa - Klikk for stort bilete

Dei lågaste trinna gjeld tenester til alle innbyggarar utan vedtak, dei neste gjeld vedtaksbaserte tenester som gruppetilbod eller heimebaserte tenester. Dei øvste trinna i trappa er institusjonsbaserte tenester.​

Trinn 1: Aktive lokalsamfunn

Alle som bor i Ålesund er aktive og engasjerte ​i eige lokalsamfunn. Her er teneste og møteplassane som gir tilhøyrsle, mangfald og trivsel.   

Trinn 2: Helsefremmande og førebyggande aktivitet

Innbyggarane i Ålesund skal vere aktive og gjere sunne val for si eiga helse.  

Trinn 3: Tidleg innsats/Førebyggande lågterskeltilbod​

Vi tek aktive grep for å meistre livet og daglege aktivitetar, også når livssituasjonen endrar seg og livet byr på ekstra utfordringar for dei sjølve eller nokon dei har omsorg for.​  

Trinn 4: Meiningsfull og inkluderande kvardag

God livskvalitet skal opplevast når du får bidra med sine evner og ressursar i kvardagen, arbeidslivet, i barnehagen, på skulen eller i aktivitetar.  

Trinn 5: Kommunalt disponerte bustader

Alle treng ein trygg heim. ​Dei som ikkje klarer å skaffe seg eigen bustad, kan søkje om nødvendig støtte og rettleiing.  

Trinn 6: Leve godt i eigen heim

Innbyggarane i Ålesund skal leve godt i eigen heim​. Mange vil i periodar av livet trenge praktisk støtte og rettleiing i heimen for å kunne oppretthalde gode kvardagar.    

Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande

Dei som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare rehabilitering/habilitering når det skjer heime og vert tilpassa kvardagen for den enkelte.  

Trinn 8: Bustadar med fellesfunksjonar

Innbyggarane i Ålesund har tilgang til ulike buformer, tilpassa eigne behov.  

Trinn 9: Tidsavgrensa opphald

Har du i periodar omfattande behov for helse- og omsorgstenester, får tidsavgrensa opphald i institusjon​​.  

Trinn 10: Samlokaliserte bustader med personalbase

Innbyggarar som har vedvarande behov for døgntenester, får tilgang til tilrettelagt bustad der det er individuelt tilpassa tilgang på tenester med spesialisert fagkompetanse.  
Til toppen