Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Eldre, funksjonshemma og andre som kan ha behov for å tilkalle hjelp, kan få tildelt tryggleiksalarm. Brukaren kan med tryggleiksalarmen tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytt til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til annan avtalt kontaktperson eller heimesjukepleien.

Tryggleiksalarm blir tildelt ut frå ei fagleg vurdering av brukaren sitt behov, blant anna:

  • Har du ein sjukdom eller tilstand som medfører akutt behov for hjelp?
  • Er det fare for at du kan falle og skade deg?
  • Har du problem knytt til utryggleik eller angst?

Søknad

Søk om tryggleiksalarm i elektronisk skjema for helse- og omsorgstenester

Søk om helse- og omsorgstenester

Prisar

Sjå pris for tryggleiksalarm og sporingsteknologi (GPS).

Ansvarleg for tenesta

 

 

Til toppen