Praktisk bistand/heimehjelpPraktisk hjelp til daglege gjeremål i heimen kan tildelast personar som har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsakar. Er behovet for hjelp av midlertidig art, vil målsettinga vere at brukaren etter kvart skal kunne klare meir sjølv. Sist endra 05.06.2023 09.57 Tenesta praktisk bistand/heimehjelp er ein av fleire heimetenester som kan tildelast etter søknad og ei fagleg vurdering av behov. I vurderinga av behovet for hjelp tar vi omsyn til: Dine eigne moglegheiter for å klare eller ta del i oppgåvene. Om det er ein ektefelle, familie eller andre som kan ivareta, eller ta del i oppgåvene. Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje blir gitt. Pris Sjå prisane for heimebaserte tenester i Ålesund kommune. Søknad Skjema for helse- og omsorgstenester Søknaden blir behandla og vedteke i avdeling for koordinering og tildeling. Klage på vedtak eller teneste Ansvarleg for tenesta Omsorgsdistrikt