Matombringing

Middag på døra

Er du, eller noen du kjenner, ikkje i stand til å lage middag selv? Da kan du søke om å få levert middag heim frå Ålesund kommune.

Gjeldande praksis frå kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund vert vidareført i ein overgangsfase etter kommunesamanslåinga.  

Kven kan få tenesten

Dersom du har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsakar, vil du kunne få levert middag heim.

Om maten som blir levert

  • Ålesund, Haram og Skodje:
    Maten blir levert og produsert etter kok/kjøl-prinsippet. Det vil seie at maten er tilberedt på tradisjonelt vis og deretter hurtig nedkjølt og pakka i porsjonspakningar.
  • Sandøy og Ørskog:
    Leverer varm mat.

Meny

Menyen er variert og ernæringsriktig sammensatt. Dei som på grunn av allergiar eller av kulturelle og/eller religiøse grunner ikkje kan spise einskilde matvarer, vil få tilpassa mat. Det er også mogleg å velge ein kjøtfri dag per uke, samt å reservere seg mot rettar man ikkje likar. Vidare anbefaler vi at du vel ekstrarettar som supper og desserter. Dine ønsker oppgir du i søknaden din, eller i vidare dialog med oss i kommunen.

Pris

Pris   98,- kr pr  middag med dessert/suppe

Pris 93,- kr pr middag uten dessert/suppe

 

Endringar i bestillingen

Du som har avtale om matombringing kan bestille, avbestille og endre leveringsavtala:

  • Normalkost kan avbestilles eller endrast seinast kl. 08.45 leveringsdagen.
  • Diett- og spesialkost kan avbestilles eller endrast seinast kl. 15.00 torsdagen før leveringsdagen.
  • For å avslutte all levering må du gi beskjed seinast tre virkedager før siste levering.

Ved endringer i bestillinger eller avslutning av tjenesten, må du gi beskjed til kjøkkenet du bestilte middagen med. Dersom middagen ikkje kom som avtalt, må du gi oss beskjed.

Kontakt:

  • Ring Sentralkjøkkenet på telefon 70 16 45 10 på kvardagar mellom klokka 08.30 og 15.30.
  • For Sandøy, ring kjøkkenet på telefon 70 16 57 00.

  • For Ørskog, ring kjøkkenet på telefon 70 16 59 79.

  • Du kan óg gi beskjed til din kontaktperson i heimesjukepleien eller til Etat for tjenester til utviklingshemmede.

Slik søkjer du

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søke om matombringing, eller du kan be andre hjelpe deg hvis du har behov for det. Hvis en annen søker på vegne av deg, må vedkommende ha din fullmakt. Du søker i eget skjema. I søknaden må du oppgi hvor mange dager i uken du ønsker å få middag levert.   

Søk om å få middag på døra

 

Lover og retningsliner

Dette vil for personer som er heilt avhengige av praktisk hjelp, være en lovpålagt tjeneste. Personar som ikkje er heilt avhengige av hjelp, kan óg søke om tenesten. Tenesten vil i desse tilfella ikkje vere lovpålagt.

Sjå blant anna:

  • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2.
  • Forvaltningsloven
  • Helse- og omsorgstjenesteloven
  • Lov om sosiale tjenester
Til toppen