Kven kan få heimesjukepleie?
Heimesjukepleien skal yte nødvendig helsehjelp, og har som mål at pasienten skal vere mest mogleg sjølvhjelpt. Dette oppnår vi ved at pasienten blir stimulert til å gjere dei oppgåvene han/ho kan klare sjølv. Tilbodet omfattar difor også informasjon, støtte og rettleiing. Heimesjukepleien si oppgåve er å legge til rette for eiga meistring, og å hjelpe til med det pasienten ikkje kan klare sjølv.
Ved vurdering av søkaren vektlegg vi:
- om søkaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta dei grunnleggande behova sine.
- om søkaren er avhengig av hjelp til handtering av legemiddel, ulike typar prøvetaking, stell av sår m.m.
Den endelege anbefalinga blir sett i samanheng med anna hjelp søkaren kan få frå kommunen. Det blir fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta.
Tenestetilbodet er gratis.
Søknad
Søk om helse- og omsorgstenester
Søknaden blir behandla og vedtatt i avdeling for Koordinering og tildeling.
Klage på vedtak
Klage kan rettast til avdeling for Koordinering og tildeling, med heimmel i kommunehelsetenestelova. Klagefristen er 3 veker etter mottatt vedtak. Dersom klagar ikkje får medhald, går klagen til kommunen si klagenemnd. Dersom klagar framleis ikkje får medhald i klagen, kan ein klage til fylkeslegen.