Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg hjelp for sterkt funksjonshemma som har omfattande behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Sist endra 14.03.2022 14.02 BPA passar til yngre funksjonshemma som ønsker å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie assistentane sine sjølv kan dei organisere hjelpa. Brukar, eller annan frivillig person som brukar peikar, ut må vere arbeidsleiar for assistentane. Mål Målet er at brukaren får moglegheit til å ha eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv trass funksjonshemminga si. BPA blir vurdert i forhold til kva brukaren ville ha blitt tildelt av ordinære tenester slik som heimehjelp, støttekontakt, rettleiarteneste for busetting eller anna. Ved vedtak om BPA har brukaren rolle som arbeidsleiar og tar på seg eit større ansvar for organisering og innhald i forhold til sine behov. Tenesta er heimla i Helse- og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-2. Tildeling av BPA skal vurderast på same måten og innanfor dei same rettslege rammene som dei andre tenestene i Helse- og omsorgstenesteloven § 3-2. Det blir rekna eigendel på den delen av tenesta som blir definert som praktisk bistand. Fritt brukarval Fritt brukarval betyr at den som har fått innvilga BPA kan velge å få tenesta frå kommunen eller frå ein av dei private leverandørane. I leverandørbrosjyren under finn du informasjon om kommunen sine retningsliner for fritt brukarval. Leverandørar Følgande er leverandørar i Ålesund (eksterne lenker) : Abcent A Aberia Avlastning BPA AS Abri Dialogue AS Assent AS AssisterMeg AS Ecura AS Medvind Assistanse AS Mio BPA Humana AS JAG Assistanse Olivia Assistanse AS Prima Omsorg AS Stendi AS Uloba – Independent Living Norway Ålesund kommune Sjå brosjyren om fritt brukarval i Ålesund kommune