Korttidsopphald på sjukeheim eller bukollektiv der ein gir omsorg eller avlasting i ein avgrensa periode.
Kven kan søke?
Tenesta er for pårørande som har behov for avlasting ein periode og der omsorgsmottakar er avhengig av opphald på heildøgnsinstitusjon for omsorg og pleie i tilsvarande periode.
Vurdering
Nye søkarar får heimebesøk av kommunen. Hensikta med besøket er å vurdere hjelpebehovet, eventuelt supplerande tenester. Besøket blir avtala på førehand.
Søknad
Skjema for helse- og omsorgstenester (digitalt skjema).
Pris
Avlasting er gratis.
Sist endra22.12.2020 11.04