Lindrande omsorg og behandling - palliasjonLindrande omsorg og behandling vert også kalla palliasjon. Det handlar om symptomlindring, pleie, omsorg for best mogleg livskvalitet når ein vet ein ikkje kan bli frisk av sin sjukdom. Hovudfokuset er kva som er viktig for deg og behovet ditt her og no, uavhengig av diagnose, prognose og alder. Vi ønskjer å levere tenester av god kvalitet til den som har behov for lindrande behandling og omsorg. Uavhengig av diagnose, i alle fasar av sjukdommen og også inn mot slutten av livet. Lindrande enhet Ålesund Kommune har fokus på og kan tilby god lindrande omsorg og behandling fleire stadar. Kommunen har også Blindheim omsorgssenter med åtte spesialiserte plassar for lindrande behandling og omsorg. Plassane kan nyttast til eit midlertidig "løft-tilbod" i ei periode for den med alvorleg sjukdom eller være ein trygg stad for den som er i den siste fasen av livet. Her er kvalifisert helsepersonell med god kompetanse og lang erfaring med lindrande omsorg og palliasjon. Hjelp til deg som vil dø heime Ålesund kommune har også god heimesjukepleie og heimetenester. Dei legg vinn på å legge til rette for å kunne å leve best mogleg i eigen heim så lenge som mogleg. Også gjere det ein kan for å legge til rette for å døy heime, om det er ynskjeleg. Kreftkoordinator Ålesund kommune har tilsett kreftkoordinatorar som er utdanna kreftsjukepleiarar. Kreftkoordinatortenesta er eit lågterskeltilbod som betyr at du som pasient eller dine næraste kan ta direkte kontakt for samtale, råd og veiledning. Dei kan også bidra ved behov for lindrande omsorg uavhengig av diagnose. Vil du vite meir? Kreftkoordinator Blindheim omsorgssenter Hjelp i heimen Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Sist endra 12.12.2022 12.06