Har du eller ein du kjenner ei kreftdiagnose?

Har du eller ein du kjenner ei kreftdiagnose?

Kreftkoordinator kan være ein kontaktperson og samtalepartnar for den som er ramma av kreft og for pårørande.

Ei kreftdiagnose kan ha stor innverknad på kvardagen både for den som er råka, og for den som står den sjuke nær. Både pasient og pårørande kan få tilbod om individuell oppfølging gjennom samtalar, råd og rettleiing. Du får då hjelp av ein kreftsjukepleier med god kompetanse og brei erfaring frå behandling, rehabilitering, symptomlindring, lindrande omsorg, samtale og samhandling.

Kva gjer ein kreftkoordinator?

Kreftkoordinator kan tilby veiledning og råd i alle faser av ein kreftsjukdom.

Personar med kreftdiagnose som ikkje får heimesjukepleie eller anna form for pleie- og omsorgshjelp i kommunen og deira pårørande, kan oppleve seg åleine og ha mange spørsmål. Barn som pårørande er også ei sårbar gruppe som treng særskild merksemd.

Ein kreftkoordinator kan bidra med:

  • Støtte, råd og veiledning til den som har kreft, pårørande og helsepersonell.
  • Koordinering og tilrettelegging av kvardagen til kreftramma og pårørande på ein best mogleg måte.
  • Informasjon om relevante tilbod og tenester - både i og utanfor kommunen.
  • Informasjon om førebyggande tiltak 
  • Undervisning til skolar og barnehagar.
  • Undervisning av helsepersonell
  • Oppfølging av barn som pårørande.
  • Lindrande og palliativ omsorg. Også diagnoseuavhengig.
  • Oppretting av palliativ plan
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne.

Kva kostar det?

Dette er eit gratis lavterskeltilbod der ein ikkje treng tilvising eller vedtak.

Kontakt

Pasient, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Vi er tilgjengelig på dagtid, måndag til fredag kl. 08.30 - 15.30.

Grete Myklebust Gjesdal
Telefon: 409 24 712 / 70 16 20 00
E-post: grete.iren.myklebust.gjesdal@alesund.kommune.no

Rosalind Kobbevik
Telefon: 47515037 / 70162000
E-post: Rosalind.k.kobbevik@alesund.kommune.no

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen