Forløpskoordinator kreft

Forløpskoordinator kreft

Har du ei kreftdiagnose kan du få hjelp til å koordinere mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene.

​​Kven kan forløpskoordinator kreft være til hjelp for?

  • Alle med kreftdiagnose inkludert i “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”.

  • Brukar med kreftdiagnose som har behov for oppfølging og koordinering i kommunen

  • Brukar med kreftdiagnose som har behov for psykososial samtale med ein kreftsjukepleiar/kreftkoordinator, og/eller oppfølging i forhold til rehabilitering og seinskade

  • Brukar med kreftdiagnose som er i ein overgangsfase der dei endelege tenestene ikkje er avklart og /eller der personen mest truleg vil ha behov for tenester seinare.

Forløpskoordinator kreft frå koordinerande eining er inne i ein tidsavgrensa periode. Der det er koordinator eller teneste frå kommunen, følger denne opp.

Kva gjer ein forløpskoordinator kreft?

Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator kreft kan være:

  • Ta imot «henvisning» og «forespørsel» frå fastlege og kommune- og spesialisthelsetenesta der brukar med kreftdiagnose har behov for oppfølging og koordinering i kommunen
  • Ta imot alle tilvisingar og sørge for oppfølging av “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”
  • Kartlegging av behov gjennom heimebesøk, møter og telefonsamtalar med brukar/pårørande og aktuelle tenester
  • Ha oversikt over og kunne kople på aktuelle tenester/ samarbeidspartnarar eks kreftsjukepleiar/ kreftkoordinator
  • Vere kontaktperson for brukar/pårørande og aktuelle tenester/ samarbeidspartnarar
  • Initiere/ kalle inn til og delta på møter i samarbeid og samråd med brukar/pårørande og samarbeidspartnarar
  • Bistand i samansette og omfattande saker
  • Bistand med informasjonsflyt mellom ulike tenester, og jobbe for samhandling mellom tenestene, brukar og pårørande.

Korleis kome i kontakt med forløpskoordinator kreft?

Slik kan du melde behov for forløpskoordinator

Den som har behov for forløpskoordinator kreft, pårørande og hjelpeapparat elles kan ta kontakt.

Forløpskoordinator kreft er Marianne Sneis
Tlf. 47 70 04 17 direkte / 70 16 22 00 (sentralbord)
E-post: marianne.sneis@alesund.kommune.no

Kommune- og spesialisthelsetenesta og fastlegar kan også sende henvising og forespørsel via e-melding til saksbehandlarteneste.

Det er ikkje nødvendig å søke, men du kan også ta kontakt ved å fylle ut søknadsskjemaet vårt og sende det i posten.

Meld inn behov for forløpskoordinator kreft (PDF, 448 kB)

Kommunale ressursar

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen