Klagar på helse- og omsorgstenester regulerast av pasient- og brukarrettslova kapittel 7. I punkt 1. under finn du klageskjema og informasjon om klager som gjeld kvar enkelt person sine rettar. I punkt 2. finn du informasjon om dei som fører tilsyn, undersøker og følgjer opp hendingar og saker om mogleg svikt.
1. Klager som gjeld rettar
Det sentrale spørsmålet i klager som gjeld manglande oppfylling av dine rettar etter pasient- og brukarrettslova, er om du har fått oppfylt dine rettar etter lovverket. Dersom svaret er nei, skal du få dei oppfylt. Du har for eksempel rett til å klage på eit vedtak om avslag på ei teneste du meiner at du har krav på. Det same gjeld om du ikkje får oppfylt dine rettar i samband med ei teneste du får. Pårørande har også rett til å klage dersom dei meiner at dei ikkje får oppfylt sine rettar.
1.1 Klageskjema og informasjon om kva som skal med i klagen
I klagen bør det stå kva det klagast på, og det bør kome fram opplysningar som er av betyding for behandlinga av klagen. Klagen må vere skriftleg og underteikna av pasienten eller brukaren, eventuelt av representanten for denne. Bruk gjerne kommunen sitt eige klageskjema.
Kommunen sitt klageskjema.
Klageskjema (PDF, 57 kB)
1.2 Kor skal klagen sendast og vidare prosess
Merk klagen med den eininga i Ålesund kommune som har gjort vedtaket eller avgjerda du klager på. Klagen skal sendast slik at den som har tatt avgjerda du er usamd i, skal få moglegheit til å vurdere saka på nytt og eventuelt gjere om på avgjerda si. Saksbehandlingstida vil variere.
Dersom det går meir enn ein månad, skal du få eit førebels svar. Dersom eininga står på si avgjerd, skal klagen sendast til Statsforvaltaren slik at vanleg klagebehandling kan starte. Når Statsforvaltaren har avgjort saka di, får du eit nytt vedtak. Statsforvaltaren sitt vedtak er endeleg, og den aktuelle helsetenesta vil rette seg etter dette.
1.3 Klagefrist
For avgjerder som fell inn under pasient- og brukarrettslova, er klagefristen fire veker etter at den som har klagerett fekk, eller burde fått tilstrekkeleg kunnskap til å framme ei klage. Ei klage kan bli behandla sjølv om fristen er ute, dersom klagaren ikkje kan lastast for overskriding av fristen, eller om andre særlege grunnar taler for det. Sjå forvaltningslova § 31.
1.4 Hjelp til å klage
Den eininga som har tatt avgjerda du vil klage på, skal hjelpe deg med å utforme/ formulere ei klage dersom du ber om det.
Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal kan hjelpe deg med spørsmål om helsetenester, og gir råd og rettleiing om rettar du har som pasient. Du kan vere anonym dersom du ynskjer det. Pasient- og brukarombodet arbeider for å ta hand om pasienten og brukaren sine behov, interesser og rettstryggleik overfor den kommunale helse- og omsorgstenesta, og for å betre kvaliteten i tenestene.
Les meir her: https://helsenorge.no/pasient-og-brukerombodet
Det nemnast at Statsforvaltaren også kan hjelpe deg med å klage.
Her finn du kontaktinformasjon til pasient- og brukarombodet
1.5 Krav på dekning av kostnader
Blir eit vedtak endra til gunst for klagaren, har klagaren som hovudregel krav på å få dekt kostnader som har vore nødvendig for å få endra vedtaket, sjå forvaltningsloven § 36.
2. Klage i tilsynssak
Helselovgivinga stiller mange krav til personale og verksemdene i kommuna som yter helse- og omsorgstenester. Krava handlar om pasientsikkerheit og kvalitet. Eit grunnleggjande krav er at helse- og omsorgstenesta skal gi forsvarlege tenester og drivast på ein forsvarleg måte.
Tilsynssaker er klager der Statsforvaltaren får ei klage frå deg som pasient, pårørande eller annan interessent i saker som gjeld brot på plikter fastsatt i helselovgivinga.
Sjå pasient- og brukarrettighetslova §§ 7-4 og 7-4a.
Pasient, brukar og pårørande kan be om at tilsynet vurderer individfeil,- samt systemfeil. Grunnlaget for ein slik førespurnad er til dømes: fagleg uforsvarleg behandling, dårleg kommunikasjon, manglande rutinar eller at du har blitt avvist når du treng umiddelbar hjelp, med meir.
Spørsmålet Statsforvaltaren skal ta stilling til i tilsynssaker, er primært om helsetenesta og helsepersonalet har handla i samsvar med sine plikter. At det vert starta ei tilsynssak basert på dine opplysningar, får difor ingen direkte konsekvens for dine rettar som pasient. Dersom utfallet i ei sak blir at du har fått uforsvarleg behandling, blir dette påpeika for helsepersonellet/ verksemda med beskjed om å endre sin praksis.
Statsforvaltaren manglar kompetanse til å gi reaksjonar, eller på andre måtar be om at situasjonen vert retta. Dersom Statsforvaltaren meiner at det bør reagerast, vert saka vidareført til Statens helsetilsyn.
Her finner du meir informasjon om korleis du kan be tilsynsmyndigheitene om ei vurdering av om plikter fastsett i helselovgivinga er brote til ulempe for deg, eller den du opptrer på vegne av.
Statsforvaltaren: Korleis klage på helse- og omsorgstenester
3. Varsling
Ordninga for varsling av alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene. Dødsfall og svært alvorleg skade på pasient eller brukar gir pasientar og pårørande rett til å varsle alvorlege hendingar
Les meir om ordninga på Helsetilsynet sine sider.
4. Sivilombodet
Dersom du meiner at du er utsatt for urett frå den offentlige forvaltning si side, kan du klage til Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodet). Sivilombodet kan ikkje sjølv endre vedtaket, men kan gje si vurdering av korleis den offentlege forvaltninga har handsama saken, og om det er gjort eventuelle feil eller forsømingar.
5. Norsk pasientskadeerstatning
Erstatning for skader eller behandlingssvikt i helsetenestene, kan du krevje via Norsk pasientskadeerstatning, les meir her: Norsk Pasientskadeerstatning
6. Erstatningskrav og meldingar
Erstatningskrav skal i dei fleste høve settast fram for Norsk Pasientskadeerstatning. Meldingar om eventuelle straffbare forhold i helsetenesta skal på vanleg måte leggast fram for politiet
7. Klager over innleggingar på tvang
Klager over innleggingar på tvang i psykisk helsevern, blir lagt fram for kontrollkommisjonen. Reglane for dette følgjer av lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern av 2. juli 1999.
Sjå meir informasjon her: Meir om klage over innleggingar på tvang
8. Lover og retningsliner
Pasient- og brukarrettlova kapittel 7, jf. forvaltningslova kapittel IV (klage)
Pasient- og brukarrettlova kapittel 5 jf. forvaltningslova §§ 16 – 19 (innsyn og kontradiksjon)