Individuell plan og koordinatorHar du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid? Då har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP). Om du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstjenestelova, kan du ha rett på koordinator og individuell plan. Med langvarig er det meint at behovet må ha ei viss varigheit, men den treng ikkje vere varig eller strekka seg over månader eller år. Koordinerte tenester betyr at du treng to eller fleire helse- og omsorgstenestar. Det vil seie tenester frå ulike tenesteytarar, og at tenestane bør sjåast i samanheng. Kva er ein individuell plan? Ein individuell plan skal sikre at det er nokon som har ansvaret for koordinering og målretting av tenestane og tiltaka dine. Den gir og ei oversikt over kven som er dine tenesteytarar. Det er eit planleggingsdokument som hjelper deg å setje personlege mål. Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla. Du/dine pårørande deltar aktivt i å lage plana. Ein individuell plan skal ikkje erstatte behovet for detaljerte delplanar, som til dømes individuell utviklingsplan (IUP), individuell opplæringsplan (IOP), behandlingsplanar, treningsprogram med meir. Dei kan inngå som delar av den individuelle plana. Individuell plan gir ikkje større rett til tenester enn det som følgjer av regelverket elles. Kommuna har hovudansvaret for å utarbeida individuell plan, om du har tenester frå både kommuna og spesialisthelsetenesta. Det skal berre utarbeidast éin individuell plan. Retten til individuell plan finn du i pasient- og brukarrettslova § 2-5 Treng du ein koordinator for tenestene dine? Du kan få utnemnt ein koordinator. Koordinatoren skal sikre nødvendig oppfølging og samordne tenestetilbodet ditt. Koordinatoren skal òg sikra fremdrift i arbeidet med ein individuell plan, dersom du ønskjer det. Du kan velje å ha ein koordinator sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan. Ein koordinator er ikkje ei ny teneste som utløyser fleire ressursar, men ei rolle som blir lagt til ein tenesteytar som allereie er inne i apparatet rundt deg. Digital individuell plan Vi brukar det nettbaserte verktøyet Visma FLYT Samspill (nytt navn frå 15.03.2023 - tidligere Visma FLYT SamPro) i arbeidet med individuell plan: Det er både ei kommunikasjonsplattform og ein elektronisk møtestad for alle som er involvert, på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå. Planen kan endrast på fortløpande, og blir dermed eit "levande" verktøy Innkallingar og referat blir skrivne inn her Ein kan vere sikker på at ein alltid har den siste versjonen tilgjengeleg Tilgang Brukaren er sjølv planeigar og kan gi andre tilgang til planen. Dette må skje gjennom informert samtykke og med signatur. I nokre tilfelle er det føresette eller verge som gjer dette. Planeigar må gå gjennom planen sin, og bestemme kven som skal ha tilgang, kva den enkelte skal få tilgang til og kor lenge dei skal få ha tilgangen. Dette skjer saman med koordinator. For å komme inn i planen, må ein ha en brukarkonto. Koordinator opprettar det for planeigar og alle deltakarar. Pålogging Logg deg på Visma Flyt Samspill (individuell plan) Du må bruke elektronisk ID for å logge deg på. Sjå rettleiing - slik loggar du på med høgaste sikkerheitsnivå Slik søkjar du Du kan melde inn behov for individuell plan og koordinator slik: Søk om koordinerte tenester (PDF, 448 kB) Vil du vite meir? Brosjyrer Koordinerte tenester i Ålesund kommune (PDF, 696 kB) Elektronisk individuell plan (PDF, 156 kB)(infoskriv) Rettleiingar Rettleiar om habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator (Helsedirektoratet) Barn og unge med nedsett funksjonsevne – kva rettar har familien? (Helsedirektoratet) Barn og unge med habiliteringsbehov, rettleiar (Helsedirektoratet) Avtalar Samhandlingsavtale mellom helseføretak og Ålesund kommune Handlingsplan koordinerande einingar i Møre og Romsdal Lovverk Helse- og omsorgstjenesteloven Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator Pasient- og brukarrettlova Barnevernlova Forskrift om individuell plan i NAV Opplæringslova Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Sist endra 27.06.2023 12.41