Vaksine mot influensa

Ta influensavaksine hos fastlegen, apotek eller hos oss for 350 kr. Har du ikkje fastlege? Bestill time hos oss for influensavaksinering.

Kven bør ta influensavaksine?

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine.

Bestill vaksinetime hos fastlegen din

 Finn kontaktinformasjon til ditt legekontor her

Kontakt fastlegen for å gjere avtale om tid for vaksinasjon. Hos nokre fastlegar kan du avtale tid til vaksine mot influensa ved å logge inn på helsenorge.no/timeavtale.

Har du ikkje fastlege? Bestill time

Ålesund kommune tilbyr frå 7. november drop-in vaksinasjon for dei anbefalte målgruppene i det nye vaksinasjonslokalet på Moa helsehus (2. etasje). Timane kan òg bestillast på førehand ønsker du det.  

Bestill time i Helseboka

Om du treng hjelp, kan du kontakte Innbyggartorget.

Nokre apotek kan også tilby vaksine mot influensa. Ta kontakt med ditt næraste apotek. 

Medi 3 tilbyr òg vaksinasjon. Bestill time direkte hos dei.

Avbestille time?

Logg inn i Helseboka og avbestill. 

Meir informasjon