Innføring av Helseplattforma på helsestasjonaneSlik blir du som brukar av tenesten påvirka av endringsprosessen. Nytt journalsystem Helsestasjonstenesta er i ferd med å innføre nytt journalsystem; Helseplattforma. Målet med nytt journalsystem er at du som bruker skal oppleve ei meir samanhengande helseteneste, og me som helsepersonell skal få eit arbeidsverktøy med betre informasjonsflyt og auka pasienttryggleik. Ein stor endringsprosess I tida framover skal tilsette: få opplæring i det nye journalsystemet bli trygg på det nye arbeidsverktøyet bli vande til nye rutinar bidra med intern opplæring og støtte Me står overfor ein stor endringsprosess og eit stort opplæringsarbeid. Du kan forvente redusert drift i vår teneste i perioden fram mot sommarferien. Me håpar på god forståing for dette. Korleis kan du bli påverka av redusert drift i helsestasjonstenesta? For deg kan redusert drift i tenesta bety at: avtalar blir flytta på det blir forseinkingar i helsestasjonsprogrammet det blir forseinkingar i svangerskapskontrollar det blir lengre ventetid på venterommet time på helsestasjonen blir bytt med telefontime du gjer avtale med fast helseperson om å hoppe over ein konsultasjon det blir lengre svartid på telefonførespurnader det enkelte dagar blir stengd helsestasjon redusert tilgjengelegheit på helsesjukepleiar i skulane Svangerskapskontrollar, nyfødde, dei minste barna, og vaksinasjon blir prioritert. Eventuelle utsetjingar gjeld i hovudsak 2- og 4-års konsultasjonar. Alle vil få tilbod om time. Er du bekymra, eller har spørsmål om barnet ditt som ikkje kan vente, ta kontakt med helsestasjonen din/skulehelseteneste på telefon eller e-post. Gjennom HelsaMi kan du få oversikt over helseopplysningar og ha dialog med helsepersonell Med Helseplattformen kjem HelsaMi. Dette er den digitale inngangen din til helse- og omsorgstenester. Du kan allereie no laste ned appen HelsaMi, eller logge deg inn på nettsida. Sist endra 10.03.2023 12.10