Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod som varer i ein tidsavgrensa periode og som føregår i heimen eller i nærmiljøet ditt. Saman med deg set vi mål med utgangspunkt i daglege aktivitetar du ønsker å meistre. Teamet rundt deg vil vere samansett av heimetenesta, fysioterapeut og ergoterapeut, og vil følge deg opp i omlag 6 veker.

Korleis søke?

Alle kan henvise deg til kvardagsrehabilitering. Ved søknad skal du bruke Ålesund kommune sitt digitale søknadsskjema, du kan også sjå informasjonsbrosjyra for kvardagsrehabilitering.

Søk om helse- og omsorgstenester

For kven?

  • Deg som bor heime og som tidlegare har klart deg med lite eller inga hjelp fra heimetenesta, men som no har behov for hjelp på grunn av sjukdom eller skade.
  • Deg som har eit ønske om i størst mogleg grad å klare deg sjølv i kvardagen.
  • Deg som er villig til å gjere ein ekstra innsats for å bli meir sjølvhjulpen.

Kartlegging

Vi kjem heim til deg og gjennomfører ei kartlegging. Vi ser på kva du klarer og kva utfordringar du har i kvardagen. Saman set vi konkrete mål for kva daglege aktivitetar du ønsker å trene/øve på.

Vidare

Kartlegginga dannar grunnlaget for korleis vi saman skal jobbe for at du skal nå måla dine. Heimetenesta vil komme heim til deg og hjelpe deg med den daglege treninga. Treninga vil bli tilpassa undervegs og etter 3 veker tar vi ei evaluering.

Avslutning

Etter 6 veker tar vi ei oppsummering med utgangspunkt i dei måla du sette deg ved oppstart.

Vidare oppfølging

Vi kontaktar deg også etter 4 månader for ein evalueringssamtale.

Eksempel på aktivitetar å trene på:

  • På/avkledning og stell
  • Dusjing
  • Tilbereding av måltid
  • Enkelt husarbeid
  • Ta bussen
  • Gå i trapp
  • Gå utandørs
  • Handle i butikk
  • Komme inn og ut av senga
  • Dra på besøk

Kontaktinformasjon

Kontor for kvardagsrehabilitering tlf: 70 16 44 72
Mobil kvardagsrehabilitering tlf: 409 13 681
Resepsjon tlf: 70 16 44 00
E-post: hverdagsrehabilitering@alesund.kommune.no

Til toppen