Kollen rehabilitering

Kollen rehabilitering

Målet med eit treningsopphald på Kollen rehabilitering er at du får auka livskvalitet ved å meistre kvardagen på eiga hand betre.

Om avdelinga

Kollen rehabilitering er ei kommunedekkande spesialavdeling for rehabilitering. Avdelinga har 14 sengeplassar, derav tre dobbeltrom, og er lokalisert på Spjelkavik omsorgssenter. Avdelinga blir drifta av eit tverrfagleg team.

Det er kommunen sitt tildelingskontor som avgjer søknader om rehabilitering.

Kva er rehabilitering?

Ordet rehabilitering er sett saman av re og habilis, som betyr å vinne tilbake tapt funksjon eller tapt verdigheit.

«Habilitering og rehabilitering er avgrensa i tid. Planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel, der fleire aktørar samarbeider om å gi naudsynt hjelp, slik at brukaren ved eigen innsats betrar funksjons- og mestringsevna, sjølvstenda og deltaking sosialt og i samfunnet» (Forskrift om rehabilitering og habilitering kapittel 2, § 3).

Ein rehabiliteringsprosess skal i utgangspunktet vere avgrensa i tid med ei evaluering av resultatet. Målet på Kollen rehabilitering er at ein etter treningsopphaldet har fått auka livskvalitet, og at kvar enkelt meistrar kvardagen på eiga hand betre.

Kva skjer under eit opphald?

Eit opphald på Kollen kan vare frå to veker til fleire månader, alt etter kor omfattande rehabiliteringsbehovet er. Ved innkomst til avdelinga blir det gjennomført ein tverrfagleg kartleggingssamtale saman med brukar og eventuelt pårørande. Det blir tatt ein gjennomgang av brukaren sine ressursar og utfordringar. Samtalen der vi kartlegg situasjonen, bunnar ut i måla som brukaren sjølv har for opphaldet. Desse blir premissgivande for heile opphaldet, og er det brukar og det tverrfaglege teamet samarbeider om for å nå.

Eigeninnsats er viktig

Det er forventa at brukaren er motivert til å yte eigeninnsats for å nå måla. Framgangen blir evaluert i tverrfaglege møte kvar veke, og rehabiliteringsopplegget blir tilpassa deretter.

Undervegs i opphaldet blir det vurdert om eit tverrfagleg heimebesøk er aktuelt med tanke på å legge tilrette i bustaden med nødvendige hjelpemiddel, slik at brukaren kan fungere i eigen heim. Det er viktig å sikre at overgangen frå Kollen til eigen heim blir best mogleg. For brukarar som har hatt ei vesentlig endring i funksjonsnivået blir det gjennomført samarbeidsmøte med brukar/pårørande, tildelingskontor og eventuelt heimeteneste. Før du skal heim, kan det være aktuelt å gjennomføre prøveopphald i heimen i samarbeid med heimetenesta. Dette er særleg aktuelt for dei med lengre opphald på grunn av store endringar i funksjonsnivå.

Tverrfagleg team

Det tverrfaglege teamet på Kollen består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, spesialfysioterapeutar, fysioterapeut, turnusfysioterapeut, spesialergoterapeut og lege. Spesialsjukepleiarar og spesialergoterapeutar/fysioterapeutar har mellom anna tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering. Kollen rehabilitering blir leia av ein avdelingssjukepleiar.

Avdelinga disponerer treningssal og treningskjøkken og er nært knytt opp mot blant anna aktivitetar som går føre seg på seniorsenteret.

Målgruppe

Målgruppa er brukarar som har samansette behov som er så omfattande at det er nødvendig med tverrfagleg rehabilitering i institusjon med heildøgnsopphald. Tilbodet er for brukarar over 18 år, busett i Ålesund kommune.

Vilkår

Du kan søke deg til Kollen rehabilitering for eksempel etter beinbrot eller etter operasjonar, eksempelvis innsetting av hofteprotese. Det kan vere i samband med nevrologisk sjukdom og nokre kjem til oss etter å ha hatt hjerneslag. Du treng ikkje ei spesifikk diagnose, du kan eksempelvis ha blitt gradvis dårlegare på grunn av mangel på aktivitet.

Vi ønsker å vektlegge at treninga skal vere meir enn trening med fysio- og ergoterapeut. Trening skjer heile døgnet - som eksempelvis under matsituasjon, rundt personleg stell eller gjennom gangtrening saman med personalet. Den sosiale delen er også viktig, med ei rekke aktivitetar som å gå tur, omvisningar eller liknande.

Målet er det i utgangspunktet du sjølv som set opp, og vi skal hjelpe deg med å nå dette.

Når det er behov for det samarbeider vi med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, syn- og høyrselskontakt eller Hjelpemiddelsentralane.

Vurdering av søknaden blir gjort på bakgrunn av:

  • Søkar må vere motivert for eigeninnsats
  • Søkar må ha forståing for eigen situasjon
  • Søkar må kunne samarbeide og ta instruksar i ein treningsituasjon
  • Søkar må vere i stand til å gjere seg nytte av eit rehabiliteringsopphald
  • Søkar skal delta i aktiv i trening når opphaldet i rehabiliteringsavdelinga startar
  • Søkar skal vere tverrfagleg vurdert
  • Søkar skal vere medisinsk utreda, og ha ein medisinsk stabil helsetilstand

Søknadskjema


Skjema for helse- og omsorgstenester  

Om du ikkje kan bruke digitalt skjema og ønsker å få tilsendt papirversjonen, ta kontakt med innbyggartorget på tlf. 70 16 20 00 eller på e-post: alesund.innbyggartorg@alesund.kommune.no

Prisar

Sjå gjeldande betalingsregulativ for opphald i institusjonar.

Klage

Du kan klage på vedtak om rehabilitering, bruk kommunen sitt standardskjema for klage på kommunale omsorgstenester.

Lov 

Sjå Føresegn for habilitering og rehabilitering.

 

Ansvarleg for tenesta

Til toppen