Habilitering barn og unge

Pasientar og brukarar med behov for habilitering har funksjonsnedsetting ein er fødd med, eller har fått. For mange inneber dette at dei ikkje følgjer eit forventa utviklingsløp. Med tidlig erverva meiner ein at tilstanden er erverva før 18 år. Behovet for habilitering varer oftast livet ut.

Kommunale tenester som blir omtala som ein del av livslange tenester, er til dømes helsestasjon, barnehage, skule, samlokaliserte bustader, avlastingstilbod, ulike sysselsettingstilbod, etter skuletilbod (ESTO), brukarstyrt personleg assistanse (BPA) med meir.

Habilitering inneber hjelp til å øve på nye funksjonar/ferdigheiter som vedkommande i utgangspunktet ikkje har hatt. Det har som mål å utvikle funksjonsevna og/eller meistringsevna med sikte på størst mogleg grad av sjølvstende og livskvalitet. Førebyggande tiltak for å bevare eksisterande funksjonar og bremse utvikling av funksjonstap er viktig.

Barn og unge med behov for habilitering har ulike medisinske tilstandar eller kroniske sjukdommar. Felles er at tilstanden påverkar funksjonsnivå, læringsevne og livskvalitet i ein slik grad at dei har behov for bistand over lengre tid.

God planlegging av livsløpsovergangar er særleg viktig for pasientar/brukarar med habiliteringsbehov.

 

Ansvarleg for tenesta

 

Koordinering og tildeling