Avklaringsavdeling

Avklaringsavdeling

Kommunen si avklaringsavdeling er til for pasientar som treng eit behandlings- eller omsorgstilbod på kommunalt nivå, men som treng behandling og klargjering til ei trygg overføring til andre tilbod, eller heim.

Dei fleste som kjem til denne avdelinga er utskrivingsklare pasientar frå sjukehus som av ulike årsakar ikkje kan reise direkte heim.

Kommunen si avklaringsavdeling er på Åse helsehus og har 12 plassar.

Avklaringsavdelinga samarbeider med tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester, som styrer inntak og utskriving av pasientar. Tilbodet blir gitt berre til dei som har registrert bustadsadresse i Ålesund.

Det er eigenbetaling for ein plass ved avdelinga. Prisen er fastsett av kommunestyret og blir regulert årleg.

 

Ansvarleg for tenesta

Til toppen