Kva kan vi tilby?
Fysioterapeutane si kjernekompetanse er kropp, bevegelse og funksjon. Dette kan dei hjelpe deg med:
- Kartlegg dine ressursar og mogelegheiter
- Følge opp måla dine saman med deg i ei tidsavgrensa periode
- Undersøking og vurdering
- Behandling og spesialisert trening, individuelt eller i grupper
- Eit målretta tilbod om habilitering eller rehabilitering, om du har behov for det. Dette gjer vi i tett samarbeid med andre faggrupper, som ergoterapeutar og heimetenesta.
- Råd og rettleiing til deg og eventuelt dine støttepersonar
Tips til deg med nedsatt funksjonsevne:
Kven kan få tilbodet?
Du må vere over 18 år. Er du under 18 år, kan du få fysioterapi for barn og unge.
Korleis få tenesta?
Dersom du treng fysioterapi, skal du ta direkte kontakt med ein fysioterapeut sjølv. Du treng ikkje tilvisning frå lege. Du kan velje ein fysioterapeut med kommunal driftsavtale der du vil i Ålesund.
Oversikt over fysioterapeutar med avtale
Merk at det kan vere ventetid for å få fysioterapi.
Fysioterapi i eigen heim
Viss du ikkje kan komme deg til ein behandlingsstad, kan du kanskje få behandling i heimen din:
- Bur du i gamle Ålesund, må du først ta kontakt med avtalefysioterapeutene som tilbyr heimebehandling.
- Bur du i gamle Haram, Sandøy, Skodje eller Ørskog skal dei nytte tilvisningsskjema fysio- og ergoterapitenesta vaksne. Tilvisningar til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå hastegrad og alvorsgrad av eit fast team etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommunen.
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for brukarens funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med kort venta levetid/i terminal fasen.
- Personar med brått funksjonstap og/eller akutte behov.
- Akutte overgangsfasar.
Max ventetid: 7 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å sette brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå og hindre ytterlegare funksjonstap.
Problemstillingar:
- Personar med akutt sjukdom/ skade/ liding, der funksjon eller smertetilstanden vil bli vesentleg dårlegare dersom ein ikkje set i gang tiltak.
- Ved alvorleg sjukdom når tiltak er retta mot lindring i stor grad, eigenaktivitet eller sosial deltaking.
- Personar med brått funksjonstap.
- Personar som er i overføringsfasar mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, der tiltak må starte med ein gong.
Max ventetid: 14 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med nyleg funksjonstap.
- Personar med kronisk sjukdom/ funksjonsproblem i fasar med forverring.
- Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente.
Max ventetid: 30 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente.
Problemstillingar:
- Personar med funksjonsproblem/ kronisk sjukdom i stabil fase.
- Personar i planlagde overføringsfasar. Oppfølging er nødvendig, men kan planleggast i god tid.
Max ventetid: 90 dagar
Kva kostar det?
Dersom du går til behandling hos ein fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen eller ein kommunalt tilsett fysioterapeut, betalar du berre eigenandel til du har nådd beløpsgrensa for frikort, eigenandelstak 2. Eigenandelen følger faste takstar.
Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommunen, må du betale full pris. Gi beskjed seinast dagen før dersom timen må avbestillast.
Kontakt
Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46. Måndag – fredag kl 10.00 – 13.00