Fysioterapeutane har fokus på aktivitet og deltaking, og arbeider helsefremmande og førebyggande. Vi har kompetanse på korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar hos barn og unge, verkar inn på helse.
Fysioterapeutane er ein del av helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Vi samarbeider med anna helsepersonell i kommunen og sjukehus, barnehage, skule og andre kommunale tenester som PPT.
Dei fastlønte fysioterapeutane er tilsette i ei kommunedekkande avdeling: Avdeling for fysioterapi, ergoterapi og syn/høyrselkontakt i verksemda førebygging og meistring.
Fysioterapeutane i denne avdelinga gir i hovudsak tilbod til pasientar som treng heimebehandling, pasientar på korttids – og rehabiliteringsopphald på kommunale institusjonar, barn og unge, og driv med førebyggande tiltak i kommunen.
Kven kan få tilbodet?
Dei som er mellom 0-18 år. Tenesta gir tilbod etter individuell vurdering. Ein treng ikkje tilvising frå lege.
Korleis få tilbodet?
Ein kan ta kontakt med helsestasjonen, fysioterapeuten direkte eller sende inn tilvisingsskjema. Tilvisingane blir vurdert og prioritert ut frå hastegrad og alvorsgrad. Tenesta brukar same prioriteringsnøkkel i heile kommunen.
Fysioterapeutane kan bidra med:
- Undersøking og vurdering av barnet.
- Sette i gang relevante tiltak, individuelt eller i gruppe, på helsestasjonen, hos fysioterapeuten, i heimen, i barnehagen eller på skulen.
- Rettleiing av føresette og personalet rundt barnet, slik at dei kan ivareta barnet sitt behov for stimulering og trening gjennom dagen.
- Hjelp til vurdering, søknad og oppfølging av rørsle- og treningshjelpemiddel, samt ortopediske hjelpemiddel.
- Rådgjeving og informasjon til føresette og samarbeidspartnarar.
Skolar og barnehagar kan, etter samtykke frå føresette, ta kontakt med fysioterapeuten tilhøyrande aktuell helsestasjon for hjelp og rettleiing. Føresette følger da barnet til første konsultasjon hos fysioterapeut.
Fastlønte fysioterapeutar samarbeider med avtalefysioterapeutane som også kan følge opp barnet. Fysioterapeutane samarbeider med ergoterapeutane i kommunen om vurdering og oppfølging.
Ergoterapi for barn og unge
Fysioterapeuter med avtale
Kva kostar det?
For barn under 16 år er konsultasjonar hos fysioterapeut, samt transport til konsultasjonar, gratis. Ungdom over 16 år må betale eigenandel til ein har nådd beløpsgrensa for frikort eigendelstak 2. Eigenandelen følger fastsette takstar og betalast ved oppfølging både hos fastlønte fysioterapeutar og avtalefysioterapeutar.
Avdelingsleiar avd. fysioterapi, ergoterapi og syn/høyrselkontakt: Lisbeth Anita Løvoll.
Verksemdsleiar førebygging og meistring: Camilla Almås.
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for brukarens funksjonsnivå, lindring og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med kort venta levetid/i terminal fasen.
- Personar med brått funksjonstap og/eller akutte behov.
- Akutte overgangsfasar.
Max ventetid: 7 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å sette brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå og hindre ytterlegare funksjonstap.
Problemstillingar:
- Personar med akutt sjukdom/ skade/ liding, der funksjon eller smertetilstanden vil bli vesentleg verre dersom ein ikkje set i gang tiltak.
- Ved alvorleg sjukdom når tiltak er retta mot lindring i stor grad, eigenaktivitet eller sosial deltaking.
- Personar med brått funksjonstap.
- Personar som er i overføringsfasar mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, der tiltak må starte med ein gong.
Max ventetid: 14 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet.
Problemstillingar:
- Personar med nyleg funksjonstap.
- Personar med kronisk sjukdom/ funksjonsproblem i fasar med forverring.
- Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente.
Max ventetid: 30 dagar
Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente.
Problemstillingar:
- Personar med funksjonsproblem/ kronisk sjukdom i stabil fase.
- Personar i planlagde overføringsfasar. Oppfølging er nødvendig, men kan planleggast i god tid.
Max ventetid: 90 dagar
Tilvising
Tilvising ergo- og fysioterapi for barn
Førebygging og meistring, avdeling for fysioterapi, ergoterapi, og syn- og høyrselkontakt