Fysioterapeutar med avtale

Fysioterapeutar med avtale

Kommunen har inngått driftsavtalar med private fysioterapeutar, som går inn i kommunen sin fysioterapiteneste saman med fast tilsette fysioterapeutar i kommunen.

  • Du tar direkte kontakt med dei fysikalske institutta  for å avtale tid. Det er ikkje naudsynt med tilvisning frå fastlege.
  • Når du går til ein fysioterapeut med driftsavtale med kommunen, betaler du ein eigendel for behandlinga inntil du har nådd beløpsgrensa for frikort eigendelstak 2.  Eigendelen følger fastsette takstar og informasjon om eigendel og andre prisar skal opplysast om ved fysioterapiinstituttet.
    For barn under 16 år er behandling og transport til behandling gratis (heil stønad).
  • Nokre fysioterapeutar har berre delvis kommunal driftsavtale, og kan difor også drive heilprivat verksemd i tillegg. Prisane for slike timar ligg normalt høgare enn eigendelane elles. Dette kan fysioterapeuten informere nærare om.  

Fysioterapeutar som har avtale med Ålesund kommune

Prioritering av pasientar

Privatpraktiserande fysioterapeutar med kommunal driftsavtale skal følge ei prioriteringsliste, fastsett av kommunen. Sjå re-/habiliteringsplan for Ålesund kommune 2016-2020.

Prioriteringar skjer generelt i forhold til kunnskapsbasert praksis, det vil seie at avgjersler blir tatt basert på systematisk innhenta forskningsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og pasienten sine ønske og behov i den gitte situasjon.

1. prioritet

Oppstart behandling så fort som mogleg og innan 3 veker.

  • Barn 0-12 månader
  • Nyopererte
  • Brot
  • Akutte skadar
  • Ulykker
  • Pasientar tilvist frå 2. linetenesta

2. prioritet

Oppstart av behandling frå 3 veker til 3 månader.

  • Barn 0-18 år som ikkje kjem under 1. prioritet
  • Sjukmeldte
  • Muskel- og skjelettlidingar

3. prioritet

Oppstart av behandling frå 3 månader til eitt år.

  • Kronikarar
  • Førebyggande arbeid
Til toppen