Ergoterapi for vaksne

Ergoterapi for vaksne

Har du problem med å greie dine daglege gjeremål fordi du er sjuk, skadd eller av andre årsaker, kan du få bistand frå ein ergoterapeut.

Ergoterapeutar bidrar til å finna løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og kravet til kvardagen. Ein ergoterapeut gir deg moglegheit til å leva eit så aktivt liv som mogleg.

Ergoterapi for vaksne og eldre

Ergoterapeuten hjelper deg med tilpassing av heimen din, hjelpemiddel og opplæring. Målet med ergoterapi er at du skal bli mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, enten den nedsette funksjonsevna din er mellombels eller varig.

Dette kan ein ergoterapeut gjere:

  • Tek utgangspunkt i kva som er viktig for deg i kvardagen og korleis du ønsker å delta i samfunnet. 
  • Kartlegg dine ressursar og utfordringar i aktivitetar, gjennom bruk av samtale, observasjon og funksjonsvurdering, gjerne i samarbeid med fysioterapeut
  • Støttar opp under målretta trening i aktivitetar som du ønsker å meistre. Foreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar. 
  • Kartlegg og vurderer behov for tekniske hjelpemiddel slik at du skal kunne meistre dine daglege aktivitetar. Gir opplæring i bruken av desse.
  • Gir råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Dette kan omhandle fallførebygging, energiøkonomisering, tilrettelegging av aktivitet, tekniske hjelpemidlar og omgjevnadar, trykkavlasting og sittestilling. 
  • Gir råd og rettleiing om korleis bustad og andre arena kan bli tilpassa og gjort funksjonell for deg.
  • Samarbeider med andre instansar og samordnar tenestetilbodet ut frå ditt behov. 
  • Vurdering av velferdsteknologiske løysningar.
  • Møter deg i heimen din og andre stadar du oppheld deg.

Tips til deg med nedsatt funksjonsevne:

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er aktuell for personar over 18 år som på grunn av skade, sjukdom eller andre grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar. Utfordringar med å meistre sin kvardag kan ha årsak i fysiske, psykiske og kognitive vanskar. Dette kan vere aktivitetar som å kle på seg, lage mat, delta i fritids- eller sosiale aktivitetar og arbeid, stelle i heimen, holde orden på rutinar og avtalar i kvardagen. 

Merk at det kan vere ventetid for ergoterapitenester.

Korleis få tenesta?

Søk om tilvisning til fysio- og ergoterapi

Skjemaet skal fyllast ut av deg sjølv, pårørande eller helsepersonell. Ergoterapeutane er organisert i ei kommunedekkande avdeling. Avdeling fysioterapi, ergoterapi og syn/høyrselkontakt i verksemda førebygging og meistring.

Tilvisingar som kjem inn til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå alvorsgrad og hastegrad etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommunen.

Prioriteringsnøkkel for ergo – og fysioterapitenesta i Ålesund kommune:

Pris

Tilbodet er gratis. Det kan vera egenandel på enkelte tilrettelegginger, som trappeheis og døråpner.

Kontakt

Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 909 72 546.  Måndag – fredag kl 09.00 – 14.00

Ansvarleg for tenesta

Til toppen