Ergoterapi for barn og unge 0-18 årBarn og unge som av ulike grunnar har nedsett funksjonsevne, kan få hjelp av ein ergoterapeut til ein tilrettelagt kvardag med mest mogleg aktivitet og livsutfolding. Ergoterapi for barn og unge Ergoterapeutar har fokus på førebygging og tidleg innsats for å fremme aktivitet, deltaking og inkludering for barn og unge med ulike utfordringar i kvardagslivet. Dei utviklar seg og lærer gjennom leik og aktivitet i samspel med sine fysiske og sosiale omgjevnader. Mange blir hindra i å delta i leik og fritidsaktivitetar i skule og nærmiljø fordi dei ikkje meistrar dei krav og forventningar som blir stilt til dei. Tidleg intervensjon er viktig for å sikre ei god utvikling og krev tett tverrfagleg samarbeid. Oppfølging kan vere på helsestasjon, i barnehage, skole og heime for barn som opplev aktivitetsvanskar. Kva tilbyr vi? Dette kan ein ergoterapeut bidra med: Ergoterapeutar gjer kvardagslivet mogeleg for enda fleire. Ergoterapeutar finn løysingar når det blir et gap mellom helsa og kvardagens krav. Ergoterapeutar er meir opptatt av løysningar enn av problem og leitar etter ressursar. Difor startar ergoterapeuten med å spør om kva som er viktige aktivitetar i livet ditt – og korleis du vil delta. Ergoterapeutar kartlegg personens ønsker og mogelegheiter for aktivitet og deltaking. Ergoterapeutar støttar deretter personen si meistring med motivasjon og trening av konkrete aktivitetar. Ergoterapeutar foreslår enklare aktivitetar og tilpassing av aktivitetar. Vi bidreg til inkluderande omgivnader. Saman med deg finn ergoterapeuten løysningar som gjer at du kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Ergoterapeuten: Har kompetanse på samspel mellom person, aktivitet og omgjevnader som bidrar til deltaking og inkludering. Kartlegg barnet sine ressursar og utfordringar i daglege aktivitetar i skole og fritid, gjerne i samarbeid med fysioterapeut. Vidare kartlegg ergoterapeutane handmotorisk og sansemotorisk funksjon. Nytter aktivitet og leik i trening for å bidra til meistring i dagleglivet. Rettleier barnet, ungdommen, foreldre, barnehage og skole om leik, kvardagsaktivitet, deltaking og inkludering på ulike arenaer. Kartlegg og legg tilrette i omgjevnader for å kompensere for redusert eller tapt funksjon. Legg tilrette dei fysiske omgjevnadene ved hjelp av tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi. Rettleier om universell utforming av blant anna skolar og barnehagar. Korleis få tenesta? Tilvisingsskjema fyllast ut av deg sjølv, pårørande eller helsepersonell og sendast til tenesta. Føresette kan også ta kontakt med barnet sin helsestasjon for å få kontaktinfornasjon til ansvarleg ergoterapeut. Tilvisingar som kjem inn til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå alvorsgrad og hastegrad etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommunen. Tilvising ergo- og fysioterapi for barn Merk at det kan vere ventetid på tenesta. Fysio- og ergoterapi prioriteringsnøkkel Prioritet 1 Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for brukarens funksjonsnivå, lindring og livskvalitet. Problemstillingar: Personar med kort venta levetid/i terminal fasen. Personar med brått funksjonstap og/eller akutte behov. Akutte overgangsfasar. Max ventetid: 7 dagar Prioritet 2 Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å sette brukaren i stand til å få tilbake, utvikle eller oppretthalde funksjonsnivå og hindre ytterlegare funksjonstap. Problemstillingar: Personar med akutt sjukdom/ skade/ liding, der funksjon eller smertetilstanden vil bli vesentleg verre dersom ein ikkje set i gang tiltak. Ved alvorleg sjukdom når tiltak er retta mot lindring i stor grad, eigenaktivitet eller sosial deltaking. Personar med brått funksjonstap. Personar som er i overføringsfasar mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, der tiltak må starte med ein gong. Max ventetid: 14 dagar Prioritet 3 Tidlig innblanding vert vurdert å ha stor påverknad for å forbetre og/eller oppretthalde funksjonsnivå og livskvalitet. Problemstillingar: Personar med nyleg funksjonstap. Personar med kronisk sjukdom/ funksjonsproblem i fasar med forverring. Personar i overføringsfasar der tiltak kan vente. Max ventetid: 30 dagar Prioritet 4 Tidlig innblanding vert vurdert å vere viktig for brukaren, men kan vente. Problemstillingar: Personar med funksjonsproblem/ kronisk sjukdom i stabil fase. Personar i planlagde overføringsfasar. Oppfølging er nødvendig, men kan planleggast i god tid. Max ventetid: 90 dagar Pris Tenesta er gratis. Kontakt Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 909 72 546. Måndag – fredag kl 09.00 – 14.00 Ansvarleg for tenesta Førebygging og meistring Sist endra 09.12.2022 13.59