Smittevern

Smittevern

Kommunen har ei rekke oppgåver for å førebygge, avdekke og følge opp tilfelle av smittefarlege sjukdommar. Dette inkluderer også ei plikt til å opplyse om smittefarlege sjukdommar, samt gi råd og rettleiing til innbyggarane.

Varsling om smitte

Legar, sjukepleiarar, jordmødre eller helsesjukepleiarar som mistenker eller påviser tilfelle av enkelte typar smittefarlege sjukdommar skal varsle kommuneoverlegen. Dersom kommunen treng bistand blir det inngått samarbeid med Folkehelseinstituttet og fylkesmannen.

Vakttelefon til smittervernlegen i Ålesund: 469 23 171

Vakttelefon til smittevernteamet:  91670181

Utbrot er definert som:

  • fleire tilfelle enn forventa av ein bestemt sjukdom innanfor eit område i eit gitt tidsrom
  • to eller fleire tilfelle av same smittefarlege sjukdom med antatt felles kjelde (f.eks. hotell/feriestad, utstyr, næringsmiddel, vatn)

Tidleg varsling av utbrot er viktig. Ved utbrot av smittefarlege sjukdommar skal difor kommuneoverlegen varslast straks. Kommuneoverlegen varslar så Folkehelseinstituttet og fylkesmannen. Nødvendige tiltak blir då sett i verk.

Smittevernlova

Korleis kan du hindre å spreie smitte?

Tuberkulosekontroll

Om du kjem frå eit land som har mykje tuberkulose, og du skal opphalde deg meir enn tre månader i Noreg, må du kontrollere deg for tuberkulose.

Folkehelseinstituttet si oversikt over land med høg førekomst av tuberkulose.

Du må kontrollere deg for tuberkulose dersom du:

  • jobbar innan helse- eller barneomsorg og har vore på reise i nokon av desse landa i meir enn tre månader
  • har jobba i helsevesenet i desse landa, sjølv om opphaldet var kortare enn tre månader
  • jobbar både i Noreg og utlandet over tid, då er det viktig at du tar tuberkulosekontroll regelmessig.

Folkehelseinstituttet si oversikt over grupper med plikt til tuberkulosekontroll

Folkehelseinstituttet sine temasider om tuberkulose

Forskrift om tuberkulosekontroll

Gule stafylokokkar

Har du i løpet av dei siste 12 månadene arbeidd i helsevesenet i utlandet eller vore innlagt på helseinstitusjon i utlandet? (Alle land utanom Norden og Nederland)    

Har du i løpet av dei siste 12 månadene arbeidd eller vore innlagt på ei avdeling der utbrot med MRSA - Meticillinresistente gule stafylokokkar er påvist eller der MRSA er endemisk i helseinstitusjonen?         

Har du tidlegare hatt infeksjon eller vore kolonisert med MRSA, og enno ikkje blitt erklært som smittefri?            

Dersom du kan svare JA på minst eitt av spørsmåla om MRSA, må du bli undersøkt for MRSA før du tar til i stilling i pleie- og omsorgsavdeling eller før du kan leggast inn på eit norsk sjukehus.

MRSA-prøve tar du hos fastlegen din.     

Når bør barn vere heime frå barnehage og skole?

Barn som går i barnehage er meir utsette for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis er det barnet sin allmenntilstand som avgjer om det bør vere heime frå barnehagen i ein periode, men for enkelte sjukdommar kan det vere nødvendig å bli heime utover dette for å hindre spreiing av smitte til andre.

Sjå Folkehelseinstituttet si anbefaling om når barnet må vere heime

Til toppen