Slik jobbar vi med folkehelse

Slik jobbar vi med folkehelse

Folkehelse er helsetilstanden til befolkninga og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Kommunen skal framme folkehelse gjennom planlegging.

Innbyggjarar med god helse er Ålesund kommune sin viktigaste ressurs, og det er både berekraftig og stor samfunnsøkonomisk gevinst i å førebygge sjukdom framfor å reparere skade og uhelse.
Folkehelsearbeid kan definerast som samfunnet sin innsats i å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremmar befolkninga si helse på alle plan.  Folkehelselova legg opp til ei systematisk arbeidsform som inneber:

  • Å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga
  • Å ha oversikt over dei faktorane som har tyding for helsetilstanden i befolkninga
  • Å bidra til å jamna ut sosiale forskjellar i helse gjennom å sørge for at innsatsen for folkehelsa når dei med høgast risiko
  • Å sikra at alle sektorar i kommunen har fokus på folkehelse

Folkehelsearbeid vedkjem alle; både innbyggarar, dei ulike sektorane i kommunen, frivillig sektor og andre samfunnsaktørar. Helse i alt vi gjer er både ei forventning og eit uttrykt mål for kommunen. Kvar og ein av oss har ansvar for vår eiga helse. Kommunen skal legga til rette for at det blir lettare å ta dei gode vala. 

Ålesund kommune vedtok i 2021 ein Folkehelsestrategi, som legg føringar for korleis kommunen arbeider med folkehelseutfordringane i kommunesamfunnet. Folkehelsestrategien finn du gjennom denne lenkja.

Innsatsområde for å fremme betre folkehelse

Vi ønsker å fremme helsa til innbyggarane i kommunen vår gjennom aktivt helsefremmande, førebyggande og inkluderande arbeid.

  • Kvardagsaktivitet
  • Jamne ut sosiale forskjellar
  • Gode nærmiljø
  • Psykisk helse
  • Aldersvennleg samfunn

Prosjekter

  • Livet & Sånn
    Livet & Sånn er gratis materiale til opplæring for folkehelse og livsmeistring. Tiltaka skal gjennomførast som opplæring i av barn og unge, samt kurs for foreldre og personale på alle barnehagar og skular i kommunen. Livet & Sånn er Ålesund kommune sitt prosjekt i Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunane
  • Bevegelsesglede og meistring
    Eit samarbeid mellom kommunale og frivillige organisasjonar, med fysioterapeutar i spissen. Prosjektet skal førebygge inaktivitet, fråfall, helseplager og skader hos ungdom. Det treårige prosjektet, som starta i 2020, gjeld ungdomsskulane Blindheim og Spjelkavik. Om det er råd blir tilbodet utvida til andre skular. Les meir om prosjektet.
  • Symjing for barnehagar
    Gratis opplæring i vann og symjing for førskolebarn i kommunale og private barnehagar. Prosjektet er finansiert med midlar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Satsing i fylket

Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skolar, frivillige organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. 

Gjennom God Helse-satsing i fylket blir det årleg utarbeidd ein God Helse-rapport (PDF, 8 MB) der ein bind saman mykje av folkehelsearbeidet som skjer i Møre og Romsdal.

Tall om folkehelsa i Ålesund kommune

Folkehelsa i kommunen

Folkehelseinstuttet kartlegg årleg folkehelseprofilen i landet. 

Ungdata

Ungdata er lokale undersøkingar der elevar på barne- og ungdomsskolar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkingane er tilpassa barn og ungdom på mellomtrinnet (5.-7.-trinn), ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Resultat frå den årlege undersøkinga finn du på ungdata.no

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen