Kommunen skal føre tilsyn med desse faktorane og ha oversikt over befolkninga sin helsetilstand.
Miljøretta helsevern er fagleg sjølvstendig med ansvar for informasjon, rådgiving, utgreiing, godkjenning og tilsyn. Tenestene er retta mot publikum, bedrifter og offentlege verksemder, og er basert på lover, forskrifter, standardar, retningsliner m.m.
Miljøretta helsevern gir råd omkring miljømessige forhold som kan påverke helsa. Arbeidet blir gjort gjennom medverknad til planarbeid, publikumskontakt og gjennom tilsyn.
Sjå oversikt over ulike typar verksemder som kommunen fører tilsyn med her.
Kommunen handsamar også klage i medhald av folkehelselova. Dersom klagen kjem inn under folkehelselova sitt regelverk, vert det anbefalt at klagar først går i dialog med den eller dei som er årsak i klagen.
Mange klager kan løysast mellom partane, utan å involvere tilsynsmynde. Har klagar vore i dialog med den som er påklaga, utan at det har lukkast å bli einige, skal kommunen handsame klagen. Det er då eit ønske om at klagen blir formulert skriftleg. Om dette ikkje er gjort, eller klagar ikkje evnar å formulere klagen skriftleg, må kommunen gi naudsynt bistand.
Klage skal sendast Ålesund kommune v/ postmottak@alesund.kommune.no, og bør i tillegg til klagars namn og adresse innehalde kortfatta informasjon om følgjande:
- Kva for forhold blir det klaga på? (eks. støy, støv, risiko for ulykke m.m.)
- Kva for helsekonsekvensar opplev klagar at saka fører til?
- Kva kontakt har det vore mellom klagaren og den påklaga, og kva er årsaka til at det ikkje er funne ei løysing i saka?
- Kva for tiltak meiner klagar må til for å redusere helsekonsekvensar?
Lovverk