Kommuneoverlege

Kommuneoverlege

Kommuneoverlegane er kommunens medisinskfaglege rådgivarar.

Råd blir gitt til helsetenestene i kommunen, men også til andre tenesteområde med innverknad på folkehelsa (eksempelvis vassforsyning, renovasjon, skular og barnehagar). Kommuneoverlegen gir òg råd direkte til befolkninga og til kommunepolitikarane.

  • Kommuneoverlegane skal gjennom rådgivinga si bidra til at befolkninga får nødvendige helsetenester og at tenestene er forsvarlege.
  • Kommuneoverlegen har eit lovfesta ansvar for å overvake smittsame sjukdommar i kommunen og arbeide for å avgrense utbreiing av desse.
  • Kommuneoverlegen kan fatte vedtak om tvungen legeundersøking når det blir mistenkt at nokon på grunn av alvorleg psykisk sjukdom unndrar seg nødvendig helsehjelp.
  • Kommuneoverlegen tar vare på kommunens hastekompetanse innan smittevern, miljøretta helsevern og helsemessig beredskap.

Det er tre kommuneoverlegar i Ålesund kommune. Sjå kven du kan kontakte:

Til toppen