Utleigebustad med eller utan tilrettelegging

Utleigebustad med eller utan tilrettelegging

Om du ikkje kan skaffe deg ein stad å bu på grunn av dårleg økonomi, helse eller sosiale problem, kan du søke om å leige ein bustad frå Ålesund kommune.

Kort fortalt:

  • Ein kommunal utleigebustad er i utgangspunktet eit midlertidig tilbod.
  • Bustadane blir tildelte etter søknad for tre år av gangen. Du kan søke om leige lenger dersom du framleis har behov for det.
  • Du kan søke om bustønad frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.

Bustadtypar

Vi har ulike typar bustader. Nokre ligg i bygg som kommunen eig, andre er i burettslag eller sameige, der kommunen eig ei eller fleire leiligheiter. Vi har også særskilt tilrettelagte bustader som er tilpassa orienterings- og rørslehemma,  desse er fysisk tilrettelagte slik at bebuarar skal kunne få tenester etter behov.

Utleigebustad

Utleigebustader er eit butilbod til unge, eldre, økonomisk eller sosialt vanskelegstilte som av ulike årsaker har problem med å skaffe seg bustad på privatmarknaden..

Desse utleigebustadene er ordinære butilbod med tilnærma marknadsleige. Bustadene ligg i alle bydelar og vesentleg i større bustadkompleks og blokker.

Utleigebustad med tilrettelegging

En bustad med tilpassing er en bustad som er tilpassa orienterings- og rørslehemma og er fysisk tilrettelagte slik at bebuarar etter behov skal kunne få tenester.

Tilrettelagte bustader er ikkje fast bemanna, men bebuarar vil kunne få tildelt heimetenester på individuell basis slik som andre heimebuande. Bebuaren betaler ordinære eigendelar for desse tenestene.

Tilrettelagte bustader må ikkje forvekslast med lovregulerte butilbod som plass i institusjon, mellom anna sjukeheimar og bukollektiv etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 3-2 c.

Pris

Ein tilrettelagt bustad er bebuaren sin eigen heim. Ein person som leiger bustad med tilrettelegging, med eller utan innskot, skal betale ordinær husleige, eventuelt med bustønad.

Bustader med tilrettelegging er ordinære butilbod med tilnærma marknadsleige. Bustadene ligg i alle bydelar og vesentleg i større bustadkompleks og blokker.

Søk og sei opp bustaden

Slik søkjer du kommunal bustad

Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Her kan du seie opp den kommunale bustaden din

Ansvarleg for tenesta

Bustadene blir tildelt av Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE). Dei har ansvar for søknadsprosessen, visning av den aktuelle leilegheita, husleigekontrakt og utlevering av nøklar.

Innbyggartorget gir praktisk informasjon om søknadskjema og kan gi bistand med søking, også innlegging av vedlegg.

Til toppen