Hjelp til bustad

Hjelp til bustad

Startlån og bustønad

Kort fortalt:

  • Du kan søke om bustønad dersom du har lav inntekt og høge utgifter til bustad.
  • Startlån skal hjelpe personar som ikkje får lån i vanlege bankar til å kjøpe eigen bustad.
  • Du kan søke om støtte for å tilpasse bustaden din dersom du har nedsett funksjonsevne.

Startlån og bustadtilskot til etablering

Du kan få startlån til:

  • Kjøp av bustad
  • Bygging av bustad
  • Refinansiering som er nødvendig for å behalde bustaden
  • Tilpassing av bustad dersom du har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsevne.
  • Utbetring av bustad

For å få startlån må du ha langvarige problem med å finansiere bustad. Samtidig må du ha høg nok inntekt til å betale avdrag og renter på eit startlån

Bustaden skal vere eigna, nøktern og dekke husstanden sine rimelige bustadbehov.

Du kan lese meir om startlån på Husbanken sine nettsider.

Tilskot til tilpassing av bustad

Du kan søke om tilskot for å tilpasse bustaden slik at du kan fortsette å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Tilskotet kan brukast til enkle tiltak som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å legge til rette i bustaden i høve til ei funksjonsnedsetting.

Tilpassinga må vere formålstenleg, fungere over tid og ha samanheng med funksjonsnedsettinga.

Du kan lese meir om tilpassing av bustad på Husbanken sine nettsider

Bustønad

Bustønad er ei støtteordning for deg som har låg inntekt og høge buutgifter.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønad-ordninga. Husbanken gjer vedtaket, men det er kommunen som tar imot og registrerer søknadane, og har all kontakt med deg som søkar.

Du kan lese meir om bustønad på Husbanken sine nettsider

Sjå dine bustadlån frå kommunen

Har du lån i Ålesund kommune har du tilgang til MinSide hos Lindorff Låneadministrasjon.

Her kan du få:

  • Oversikt over innbetalingar
  • Nedbetalingsplan
  • Kontoutskrift
  • Årsoppgåve
  • AvtaleGiro
  • Utsette betaling
  • Endre forfallsdato
  • Kontakte Lindorff låneadministrasjon

MinSide fungerer både på mobil, nettbrett eller datamaskin. Du må ha BankID som autentisering for å logge på.

Du loggar inn på MinSide her: Låneadministrasjon

Kontakt

Ålesund kommunale eigedom, avdeling for utleige og stønad.

Til toppen