Smittevern på helsestasjonene

Smittevern på helsestasjonene

Vi ber alle brukarar av helsestasjonstenesta om å ta smittevern på alvor no som smittetalla stig.

Avlys om du ikkje er frisk

Hugs at både gravide, føresette og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen. Har du eller barnet symptom på sjukdom ber vi deg snarast mogleg om å ta kontakt med oss på telefon eller e-post for å avlyse timen. Ta òg kontakt viss du er i tvil om de kan møte opp.

Begrenset antal og hald avstand

For å avgrense tal som er tilstades på helsestasjonen, kan barnet berre følgjast av éin føresett, og søsken kan ikkje bli med, gravide møtar utan partnar. Møt presis, hald 1 meter avstand til andre personar på venterommet, og gi oss beskjed viss du blir forseinka. Vi utfører alle konsultasjonar med smittevernhensyn.

Tiltak

Helsestasjonstenesta følgjer nasjonale råd og ev. lokal forskrift når det gjeld covid-19. Pandemien er ikkje over, og vi gjer merksam på at det kan bli nødvendig å tilpasse drifta av tenesta i periodar med stort smittetrykk.

Tiltak vil i slike periodar vere:

  • Kortare konsultasjonstid
  • Individuelle konsultasjonar i staden for gruppekonsultasjonar
  • Telefonkonsultasjonar som erstatning for oppmøtekonsultasjonar
  • Reduksjon i tal som møter på helsestasjonen

Konsultasjonar som varetek barnevaksinasjonsprogrammet og heimebesøk vil bli prioritert.

Til toppen