Utsett for vald eller overgrep

Utsett for vald eller overgrep?

Alle former for vald og overgrep er ulovlege. Blir du eller nokon du kjenner utsett for vald eller overgrep bør du oppsøke hjelp.

Har du nyleg blitt utsett for valdtekt eller eit anna seksuelt overgrep? Kontakt Overgrepsmottaket i Ålesund for medisinsk hjelp og rådgiving. Mottaket er lokalisert like ved Ålesund interkommunale legevakt i Åsesvingen 16. Tilbodet er gratis, og du får hjelp uansett om du ønsker å politimelde overgrepet eller ikkje.

Helsestasjon for ungdom kan hjelpe deg dersom:

  • du har blitt utsett for seksuelle overgrep eller valdtekt
  • du opplever mas og press på å sende nakenbilde eller opplever at nokon har delt nakenbilde av deg
  • du har opplevd noko ubehageleg på nett eller er bekymra for nokon andre.

Du finn meir informasjon og fleire hjelpetenester på Helsenorge.no

Vald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå eller sparke, eller psykisk vald som truslar, degradering, kontrollering og audmjuking. Det kan også vere seksuelle overgrep, som valdtekt, incest eller uønska beføling. Andre former for vald og overgrep er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske, eller å hindre dei i å rå over eigen økonomi.

Til toppen