Sjølvtest SOI

Sjølvtest SOI

Ved helsestasjon for ungdom på Moa (HFU) kan du teste deg sjølv for seksuelt smittsame sjukdommar.

Du kan ta sjølvtest av seksuelt smittsame sjukdommar (SOI) ved HFU på Moa. Vi kan teste deg for dei vanlegaste kjønnssjukdommane, som klamydia, gonoré og mycoplasma. Testen blir gjennomført ved hjelp av ei urinprøve for gutar og vaginal testpinne for jenter. Det tar 7-14 dagar før du får svar. Vi ringer deg dersom du har ein påvist infeksjon.

Om du ikkje har symptom kan du ordne testen sjølv etter avtale. Du får tildelt testutstyr i ekspedisjonen.

Alle som har hatt ubeskytta sex med ein partner som ein ikkje kjenner smittestatusen til, bør teste seg for kjønnssjukdommar. Ein slik test får du gratis av helsesjukepleiar i vidaregåande skole eller på helsestasjon for ungdom.

Kjønnssjukdommar har det til felles at dei kan smitte ved vaginal-, anal- eller oralsex utan bruk av kondom, og at dei ikkje alltid gir symptom som gjer at ein oppdagar smitta. Ein kan altså føre smitte vidare til andre utan å vite at ein sjølv er smitta. Difor er det viktig å teste seg kvar gang du har hatt ubeskytta samleie med ny partner.

Det kan ta opptil 14 dagar frå du blei smitta med for eksempel klamydia til det viser resultat på ein test, vi anbefalar derfor at du ventar 14 dagar etter det ubeskytta samleiet før du testar deg.

Ved positiv test på klamydia og gonoré blir du behandla med antibiotika, som er gratis. Då skal også alle seksualpartnarar dei siste 6 månadene kontaktast for tilbod om testing. Dette kan gjerast anonymt av helsesjukepleiar. Mykolplasmabehandling må du sjølv betale. Meir informasjon om dei ulike kjønnssjukdomane finn du på Helsenorge.no eller Sex og samfunn.

Til toppen