- Vi rår deg til å vere selektiv med tanke på kva slags informasjon du veljer å legge vekt på. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god eller riktig.
- Bruk gjerne helsesjukepleiar som følger opp barnet til å kvalitetssikre det du har lest eller høyrt.
- Vi anbefalar https://www.helsenorge.no som ei trygg og god kjelde til informasjon.
Vanlege ting du kan lure på om den nyfødde
Det kan dukke opp mange spørsmål om babyen dei første dagane etter heimreise frå sjukehuset. Svar på mange av dei vanlegaste tema foreldre tar opp i barseltida finn du her
Kva gjer eg når eg er usikker på om alt er bra med barnet?
Ta kontakt med lege eller helsestasjonen dersom barnet ser ut til å gå ned i vekt eller ikkje legg på seg. Dersom du trur at barnet ditt kan vere alvorleg sjukt, må du kontakte legen din snarast. Om du ikkje får kontakt med legen, ta kontakt med Legevakta.
Dersom det oppstår noko med barnet eller med deg relatert til fødsel og barseltid som helsestasjonen ikkje kan hjelpe med, kan du kontakte barselpoliklinikken innan dei første dagane etter heimkomst. Avdeling for fødsel og barsel, Ålesund sjukehus telefon 70 10 59 30
Kor ofte skal barnet mitt ete, får barnet mitt nok mjølk, og kva gjer eg dersom eg får brystbetennelse?
Du kan få råd og rettleiing om amming av helsesjukepleiar på helsestasjonen. Ta kontakt med din helsestasjon for å bestille ein time. Ammehjelpen er ein god nettressurs viss du treng tips og råd om amming.
Dersom barnet ikkje får morsmjølk, eller barnet treng tillegg til morsmjølka, må barnet få morsmjølkerstatning. Les om anbefalingar og råd om morsmjølkerstatning på Helsenorge.
Kva gjer eg når barnet mitt græt?
Vanlege årsaker til at barnet græt, kan vere at det er svoltent, at det har behov for eit bleieskift, at det er trøytt, eller har behov for kontakt og kos. Sjå filmen om gråt og trøst.
Gråtinga til ein baby aukar om lag ved 2 vekers alder og toppar seg rundt 2-3 månaders alder. Deretter minkar gråtinga.
Nokre babyar græt 5 timar i døgnet, andre berre nokre minutt. Dette er normalt. Gråtinga kan vere frustrerande for deg og andre som passer barnet. Sjå filmen "Din fantastiske baby" som forklarer kva du kan gjere for å takle dette.
Kva gjer eg dersom eg opplever kvardagen som tung og vanskeleg?
Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samtidig er det ikkje uvanleg å bli nedstemt eller deprimert i tida etterpå. Det er ikkje lett å vite kor grensa mellom ein normal tilstand og ein depresjon går. Ved 8 vekerskontrollen har vi fokus på deg som forelder og di psykiske helse. Husk, vi er her for deg!
Eg ammar og har overskot av morsmjølk. Kven kan trenge overskotet mitt, og korleis blir eg mjølkegivar?
Mjølkebanken forsyner for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn med morsmjølk frå givarar. Morsmjølk er den beste næringa dei kan få med tanke på å hindre infeksjonar og styrke immunforsvaret. Morsmjølka er unikt tilpassa stoffskiftet og tarmane til det nyfødde barnet.
Mjølkebanken ved Ålesund sjukehus treng givarar. Kvar dråpe er gull verd.
Krava til ein morsmjølksgivar er tilnærma lik krava som vert stilt til blodgivarar. Den som gir mjølk skal ikkje vite kven som mottar mjølka, og mottakaren skal ikkje vite kven som har gitt mjølka. Morsmjølkbanken har likevel ei slik oversikt, og kan spore mjølka frå givar til mottakar og omvendt. Les meir om korleis du kan bli morsmjølkgivar (PDF, 444 kB)