Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på nokre praktiske spørsmål som du kan lure på om helsestasjonen.

  • Under faste helsekontrollar for barn 0-5 år finn du ei oversikt over når barnet ditt blir innkalla til helsestasjonen.
  • Viss du ønsker ein avtale utover det faste programmet, så tar du kontakt med oss for å gjere ein avtale. 

Dette må du hugse når du skal følgje barnet til helsestasjonen

  • Barn eller vaksne med feber, diaré, oppkast eller anna smittsom sjukdom skal ikkje møte på helsestasjonen. Ta kontakt for avbestilling av time!
  • Oppsøk fastlege eller legevakt viss barnet er sjukt og treng ei medisinsk undersøking/vurdering
  • Ta med eit pledd til dei minste barna sidan alle skal vere avkledd under timar på helsestasjonen
  • Møt på helsestasjonen 10-15 minuttar før timen for veging og måling
  • Finn ein stelleplass når de kjem og vent på hjelp
  • Gi beskjed dersom du ikkje kan møte til avtalt tid!
  • Gi oss beskjed dersom de skal flytte!
  • Pass på at ditt barn følger helsestasjonsprogrammet

Vi har akkurat fått barn. Korleis kjem vi i kontakt med helsestasjonen?

Alle foreldre får tilbod om heimebesøk av helsesjukepleiar etter fødsel. Vi vil ta kontakt og avtale tid for heimebesøk. Kontakten blir oppretta på bakgrunn av ei rutinemessig melding om fødsel frå sjukehuset til helsestasjonen. Deretter vil barnet bli innkalla til faste helseundersøkingar, men du kan også ta kontakt og bestille time ved behov utover det.

Vi skal flytte. Er det noko vi må hugse på? 

  • Rutinen er at barnet sin helsestasjonsjournal «følgjer barnet» og blir sendt til helsestasjonstenesta tilhøyrande staden barnet har flytta til. Dette sikrar kontinuitet i tenestetilbodet og vidare oppfølging av barnet etter flytting.
  • Gi oss beskjed dersom de skal flytte. Dersom du flytter, er du sjølv ansvarleg for å gi beskjed om ny adresse til helsestasjonen.
  • Har de nettopp flytta til Ålesund kommune? Ta kontakt med den tidlegare helsestasjon din for å få sendt barnet sin helsejournal til oss.

Eg er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Kva gjer eg?

Sjå her for hjelp og rettleiing.

Orientering om innsynsrett, overføring av journal, SYSVAK og pilot KPR

Dokumentasjon og innsynsrett  

Alle tilsette i helsestasjonstenesta har etter lov plikt til å føre journal. I journalen skal helsepersonell nedfelle helseopplysningar som dei ut frå ei fagleg vurdering finn nødvendig og hensiktsmessig å dokumentere. Journalen skal bidra til at brukaren får ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei føresette til, eller brukaren sjølv, har som hovudregel rett til innsyn og/eller utskrift av opplysningar som omtalar brukaren. Helserettsleg myndigheitsalder er 16 år.  

Overføring av journal ved flytting  

Når eit barn flyttar, er hovudregel at journal skal overførast til ny helsestasjons- og skolehelseteneste. Dette skal sikre ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei som har spørsmål i samband med sending av journal, kan ta opp dette med helsesjukepleiar på helsestasjonen.    

Registrering i nasjonalt register 

Alle vaksinar barn får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. Formålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos den enkelte, samt å følge med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinar. Ved hemmeleg adresse blir det nytta eigne ordningar. 'Mine vaksiner' gir deg oversikt over kva vaksiner du har tatt, samt vaksinasjonsstatus for dine barn under 16 år. Du kan også skrive ut vaksinasjonskort på norsk og engelsk.

Pilot Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR)

Etter vedtak i Stortinget etablerte Helsedirektoratet i 2015 Kommunalt pasient og 
brukarregister (KPR). KPR skal bidra til informasjon og kunnskap som grunnlag for å fremme helse, førebyggje sjukdom og skade og gi betre helse- og omsorgstenester. Rapportering føreset at det finst tekniske løysingar. Helsedirektoratet gjennomfører saman med Ålesund kommune pilotering av tekniske løysingar for rapportering i 2022 og 2023. Meir om dette finn du her.

Til toppen