Fødselsførebuande kurs

Fødselsførebuande kurs

Fødsel- og foreldreførebuande kurs, også kalt svangerskapskurs, er eit kurs for dei som skal bli foreldre for første gong.

Hovudformålet med kurset er at både kvinne og mann skal få auka kunnskap og tryggheit rundt fødselen og foreldrerolla. Når den gravide føler seg trygg, taklar ho fødselssmerter betre og det gir også paret  tryggheit når dei veit meir om kva dei har i vente. Slike kurs er gode forum for å ta opp ulike spørsmål i forbindelse med svangerskap, fødsel og tida etterpå. Det kan også vere ein stad å treffe andre i same situasjon og kjenne på fellesskap.

Kurset er gratis og blir tilbode ved nokre av helsestasjonane. Ta kontakt med din helsestasjon, eller di jordmor for meir informasjon om fødsels- og foreldreførebuande kurs.

Til toppen