Fosterheim

I Ålesund er det eit stort behov for fosterheimar. Det er staten, gjennom Bufetat som har ansvar for å skaffe fosterheimar.

Det viktigaste fosterforeldre gjer, er heilt daglegdagse ting. Sjølv om fosterbarn er like ulike som alle andre barn, har dei éin ting til felles: Dei treng vaksne som kan gi de tryggleik og forutsigbarheit: snille, strenge, greie, masete, kule, kjedelege, pålitelege, vanlege foreldre.

Ta kontakt med inntak og fosterheimsrekruttering Ålesund (tidlegare fosterheimstenesta Sunnmøre), så får du avklart dei første spørsmåla du måtte ha. Å ta kontakt er uforpliktande.

Ein fosterheim skal fungere som ein vanleg heim, der fosterforeldra overtar det daglege ansvaret for eit barn eller ungdom som ikkje kan bu saman med sine biologiske foreldre.

Fosterheimar varierer både i type og funksjon. Det er behov for fosterheimar som skal ta imot barn på kort varsel ved akutt behov for plassering, fosterheimar som skal gi barn mellombels oppfostring, og fosterheimar som skal gi barn oppfostring gjennom heile oppveksten. Nokre heimar har altså fosterbarn i ein kortare periode, andre heimar har fosterbarnet heilt til han eller ho er vaksen.

Vakttelefon for fosterforeldre

Bufetat region Midt-Norge (Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal) har ein felles vakttelefon for alle fosterforeldre som har behov for rettleiing i ei akutt krise. Tlf. 46 61 74 10.

Vakttelefonen er betjent etter ordinær arbeidstid (15.30-08.00), i helgar og alle høgtider.

Vakttelefonen kan brukast når fosterforeldre kjem i situasjonar som er særleg utfordrande, og har behov for nokon å snakka med.

Dei som betener vakttelefonen har barnevernfagleg kompetanse og vil gi råd og rettleiing, og eventuelt visa vidare til legevakt, politi eller kommunal barnevernvakt om det er behov for det.

Sjå også

Inntak og fosterheimsrekrutting Ålesund (ligg under Bufetat)