Klage på gebyr på kommunale avgifter og eigedomsskatt

Ålesund kommune trekk tilbake faktura for eigedomsskatt og gebyr. Ønsker du å klage på grunn av feil i gebyrgrunnlaget eller eigedomskatten kan du enten gjere det via vårt digitale klageskjema, e-post til postmottak eller ordinær post. Du finn meir informasjon om innsending av klage på vår temaside om kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Tuberkulosekartlegging

Tuberkulosekartlegging

Alle flyktningar og asylsøkarar og alle personar frå land med høg forekomst av tuberkulose som skal vere over tre månader i Norge har plikt til å la seg undersøke for tuberkulose.

Land med høg og særleg høg forekomst av tuberkulose

I flytskjemaet i linken under kan du få ytterlegare skildring av undersøkinga.

Rutineundersøking for tuberkulose ved ankomst til Norge

Kartlegging av tuberkulose ved ankomst til Norge blir enten gjennomført ved fastlegekontor eller hos helsetenester som har dette definert i si teneste. Tenestestader som gjennomfører denne undersøkinga vil sende deg ei innkalling.

Andre:


Du må også kontrollere deg for tuberkulose dersom du:

  • jobbar innan helse- eller barneomsorg og har vore på reise i eit av desse landa meir enn tre månader
  • har jobba i helsevesenet i desse landa selv om opphaldet var kortare enn tre månader
  • jobbar både i Norge og utlandet over tid, då er det viktig at du tar tuberkulosekontroll regelmessig.

Folkehelseinstituttets oversikt over grupper med plikt til tuberkulosekontroll

Dersom du har plikt til å kontrollere deg for tuberkulose  jf. overnevnte kulepunkt tar du kontakt med fastlegen din

Folkehelseinstituttet sine temasider om tuberkulose
Forskrift om tuberkulosekontroll
 

Til toppen