Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 på kvardagar.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

Om helsestasjonen

Om helsestasjonen 0-5 år

Det kan vere spennande, men også utfordrande, å vite korleis du som føresett kan forstå og støtte barnet ditt best mogleg. På helsestasjonen møter du helsesjukepleiarar som kan gi deg råd og rettleiing. Vi er her for deg og barnet ditt!

Helsestasjonen har rutinar for å følge opp barnet frå fødsel og fram til skolepliktig alder med fokus på barnet si fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Helsestasjonstenesta skal bidra til å styrke barn si eigenmeistring og vaksne si meistring av foreldrerolla, og tenesta tilbyr blant anna råd, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar.

Helsestasjonen har som målsetting å vere ein positiv stad for barn og deira omsorgspersonar. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen dersom du har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.

Helsestasjonen har rutinar for samarbeid med fastlege, med andre kommunale tenester og med spesialisthelsetenesta.

Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldre pliktar å bidra til at barnet deltar i helsekontrollar. Tenesta er gratis.

 

Finn din helsestasjon

Det er fleire helsestasjonar i Ålesund kommune. På bakgrunn av adressa di vil du tilhøyre ein helsestasjon. Dersom du er usikker på kva for ein helsestasjon du er knytt til, skal vi hjelpe deg med å finne fram.

Avdeling ytre

Timebestilling helsestasjon ytre

 

Avdeling indre

Timebestilling helsestasjon indre

Til toppen