Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom?

Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom?

Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom, skal du kontakte barnevernet.  
Barn og ungdom kan også ta kontakt for eigen del, eller om dei bekymrar seg for nokon dei kjenner.

Kva er du bekymra for?

Dette er dei vanlegaste grunnane til at barn, unge eller vaksne tek kontakt med barnevernet:

  • vald eller overgrep mot barn, eller mellom foreldre
  • problem med rus eller alkohol
  • psykiske problem
  • barn får dårleg omsorg

Bekymringsmeldinga di kan vere avgjerande for barnet det gjeld. Å kome tidleg i gong med hjelp er viktig, og kan hindre at vanskane blir for store.

Mange som bekymrar seg for barn og ungdom er redde for at dei overreagerer eller feiltolkar signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige problem.
Det er barneverntenesten som har ansvar for å vurdere bekymringa, og om det er nødvendig med hjelp. Andre har til oppgåve å sørge for at barneverntenesta får kjennskap til barn som har det vanskelig.

Kven kan melde frå til barnevernet?

  • Privatpersonar, som foreldre eller andre i familien, vennar eller naboar kan levere bekymringsmelding til barnevernet. Dei kan vere anonyme.
  • Skular, barnehagar og andre offentlege instansar pliktar å kontakte barneverntenesten dersom dei vurderer at det er grunn til bekymring. Offentlege instansar kan ikkje vere anonyme.
  • Barn og familiar kan søke om hjelpetiltak frå barneverntenesta. Sjå også heimebaserte tenester (link)

 
Slik melder du frå til barnevernet  

Du kan sende inn ei bekymringsmelding eller ringe:

  • Telefon til barnvernvakta  i Ålesund: 91 57 60 20
  • Telefon til politiet: 02800/112 (gratis)
  • Telefon til alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (gratis)

 
Dette skjer når du melder i frå

Vi vil i løpet av ei veke avklare om det du er bekymra for er noko som må følgast opp. Vi tek då kontakt med barnet/ungdommen, foreldra og andre som kan seie noko om det bekymringa gjeld.
Om det er behov for hjelp, finn vi tiltak i lag med barnet/ungdommen og foreldra som skal bidra til positiv endring i familien.


Informasjon om barneverntenesten

Til toppen