For tilsette og folkevaldeFor tilsette og folkevalde i kommunane som er med i eKommune Sunnmøre - Ålesund, Giske, Sula, Fjord og Haram. Shutterstock Korleis kjem eg inn på internsida?Tilsette og folkevalte i eKommune Sunnmøre-samarbeidet har tilgang til eSida: eSida - eKommune Sunnmore – HjemPå denne internsida finn du følgjande:Informasjon om samarbeidet og kva som skjerAvtale- og strategidokumentOpplæringsmateriell: kurs, brukarrettleiingar og videoarInformasjon om samarbeidsområde 1 – IT DriftInformasjon om samarbeidsområde 2 – IKT og digitalisering i fagområdaKorleis loggar eg på Microsoft 365?Tilsette kan få tilgang til Microsoft 365 frå adressa https://portal.office.com eller ved å bruke Teams-appen på mobil. Du kan logge deg inn med nettverksbrukaren din. Korleis kan eg lese jobbmailen min heimanfrå eller på mobil?Alle tilsette har tilgang til e-postboksa si gjennom Microsoft 365. IKT-brukarstøtte for tilsette og folkevaldeBrukarstøtte IT kan hjelpe deg med følgjande; passordskifte, tilganger, PC problem, Microsoft Office, e-post, installasjon av programvare, nettverk/trådlaus tilgang, telefoni, skjerm, VPN-løysing, utskrift, bestilling av PC (leiar) og bestilling av skrivar (leiar).Meld saka på vår IKT BrukarportalMeld saka ved bruk av e-post adressa it-support@alesund.kommune.noOm du ikkje får logge deg på PC-en / e-post, eller feilen fell under kategorien høg eller kritisk, kan du ringe (70 16) 29 99. Opningstid brukarstøtte: Måndag – fredag: kl. 08.00 – 16.00.IT-vaktVi har etablert ei vaktordning for system som tek for seg «Liv og Helse» samt system der det er forventninger om høg oppetid. Vaktordninga er ikkje ei utvida brukarstøtteteneste, men skal berre nyttast ved kritiske feil og avbrot.Vakttelefon: 70 16 24 46Vaktordninga er bemanna:Måndag – fredag 16:00 – 08:00Laurdag, søndag og heilagdagar: Heile døgnet Sist endret 03.12.2025 09.51