Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Barnehagane, grunnskolane og vidaregåande skolar skal over på grønt nivå frå måndag 20. september. 

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Skoleskyss

Skoleskyss

Elevar i grunnskolen, barne- og ungdomsskolen, kan ha rett til fri skoleskyss.

Du har rett på fri skoleskyss dersom

  • du har meir enn 4 km avstand mellom heim og skole. For førsteklassingar er avstanden 2 km. 
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom bustad og skole. 
  • du har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg, uavhengig av veglengde mellom bustad og skole. Kommunen gjer ei vurdering dersom avstanden er under skyssgrensa.
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og skole
  • eleven har ikkje rett til fri skoleskyss i samband med SFO og leksehjelp

Les meir om skoleskyssordninga på nettsida til Møre og Romsdal fylke. 

For informasjon rundt skoleskyss for vidaregåeande elevar, ta kontakt med din skole. 

Til toppen