Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Permisjon fra skolen

Permisjon frå skolen

Kort fortalt

  • Elevar kan søke permisjon frå skolen i inntil to veker - ti skoledagar.
  • Rektor behandlar permisjonssøknaden.
  • Søknad må sendast minst éin månad før elevpermisjonen skal starte.

Alle har rett til å søke permisjon frå skolen

I opplæringslova heiter det at: "Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker".

Når permisjonen blir innvilga fråskriv elevane seg retten til opplæringa i den perioden.

Kor mange dagar kan du søke om?

Du kan søke om permisjon frå skolen i inntil to veker (ti skoledagar). Det er opp til skolen å vurdere om ein elev skal få innvilga permisjon. Skolen kan avslå søknaden sjølv om det er forsvarleg for den enkelte elev å få fri.

Når kan eleven få permisjon?

Det blir ikkje gitt permisjon i perioder med førebuing og gjennomføring av:

  • Statlege kartleggingsprøver
  • Nasjonale prøver
  • Eksamenar, munnleg og skriftleg
  • Prøver og vurderingssituasjonar slik det går fram av skolen sin terminplan/prøveplan

Det er ikkje vanleg å gi permisjon til ferie, treningssamlingar eller liknande, eller når eleven har udokumentert fråvær. Sjå skoleruta

Permisjon elevar har krav på

  • Medlemmer av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja har rett til fri på heilagdagar for sitt trussamfunn dersom dei søker om permisjon.

Vi kan innvilge permisjon for

  • Spesielle arrangement og markeringar (politisk arbeid, organisasjonsarbeid, familehendingar/feiringar)
  • Idrett og kulturell konkurranse/stemne på høgt nivå

Søknadsfrist

Søk om permisjon i god tid før de ønsker permisjon, helst tre veker før.

Søknad

For 1 dag: Kontaktlærar kan innvilge permisjonen.

For 2 - 10 dagar: Søknad om skolefri

 

Til toppen