Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Medverknad i skolen

Medverknad i skolen

Elevar og foreldre kan seie si meining, ta del i og ha innverknad på det som gjeld dei på skolen.

Kort fortalt

  • Elevar, foreldre og tilsette samarbeider for å skape eit godt skolemiljø.
  • Samarbeidet er organisert i ei rekke utval.

Elevrådet

Elevrådet er elevane sitt høgste organ på skolen. Klassane vel ein tillitselev med vararepresentant for heile skoleåret. Tillitseleven er medlem av elevrådet ved skolen.

Elevrådet består av alle tillitsvalde og elevrådsstyret. Elevrådsstyret blir valt for 1 kalenderår om gongen.

Elevrådet behandlar saker som angår elevane og saker som skoleleiinga, lærarar og elevar ønsker at elevrådet skal uttale seg om.

Foreldreråd

Alle foreldre som har barn ved skolen, er medlem av foreldrerådet. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, legge til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldreutval (FAU)

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) er eit arbeidsutval valt av foreldrerådet og er det utøvande organet for foreldrerådet.

FAU er bindeleddet mellom foreldra og skolen. FAU skal sikre reell medverknad frå foreldra og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt.

Samarbeids- og skolemiljøutval

Alle grunnskolar skal ha eit samarbeidsutval (Opplæringslova § 11-1). Utvalet er skolen sitt øvste samarbeidsorgan og består av representantar for viktige partar i skolesamfunnet.

Alle viktige partar i skolesamfunnet skal vere representerte i samarbeidsutvalet. Utvalet skal vere samansett av representantar frå undervisningspersonalet og andre tilsette ved skolen, frå foreldrerådet (FAU), frå elevane (elevrådet) og frå kommunen (rektor skal vere den eine).

Alle grunnskolar skal  også ha eit skolemiljøutval (Opplæringslova § 11-2). Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9A. 

I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
 

Til toppen