Sommarskolen

Sommarskolen

Sommarskolen i Ålesund 2021 går av stabelen i veke 25, 26, 31 og 32. Sommarskolen skal gi elevar faglege, sosiale og kulturelle tilbod. Som igjen skal motivere i overgangen mellom barne- og ungdomsskole eller frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring

Oppmøte og deltaking

  • Når sommarferien byrjar har elevane frå 4. til 10. trinn (født 2011 – 2005) moglegheita til å vere med på spennande kursdagar.
  • Det blir lagt opp til mange ulike tilbod, som inneheld mykje moro gjennom sosiale og faglege aktivitet.
  • Kursa varer frå måndag til fredag, og har oppmøte mellom klokka 9.00 til 15.00 (endringar kan variere frå dei ulike kurstilboda). Det vil finnast ulike kurstilbod i heile Ålesund kommune. 
  • Målet er at sommarskolen skal bidra til opplevingar, meistring, læringsglede og nye vennskap utover det ordinære skuleåret. Og det beste; alt er gratis. 
  • Vi tar smittevernomsyn i forhold til pandemien. 

Påmelding for barn og unge

Påmelding til årets sommarskole opnar 20. mai. Påmeldingslenke blir lagt ut her på heimesida.

Alle kommunedelar vil få tilbod om kurs. 

Påmelding for lag og organisasjonar

Frivillige lag og foreiningar, kommersielle aktørar og andre interessentar kan no søke om midlar for å arrangere sommarskole. Sjå presentasjon om sommarskolen. (PDF, 477 kB)

Les meir om kva de må ha på plass for å søke og søk før fristen 9. mai.  Søkar vil få svar på søknaden innan 12. mai.

Har du spørsmål?

Ønsker du å komme i kontakt med oss, send oss ein mail på: sommerskolen@alesund.kommune.no 

Til toppen