Retningslinjer for klasseturar på ungdomstrinnet

Desse retningslinjene gjeld ved alle turar i regi av ungdomsskolane i Ålesund kommune.

Gratisprinsippet

Hvis skolen arrangerer turar som ein del av opplæringa, skal ho vere gratis for elevar og foreldre. Døme på kva som avgjer om det er ein del av opplæringa er mellom anna:

  • Turen føregår i skoletida
  • Turen er ein del av opplæringa etter læreplanane for fag
  • Lærere er med på turen og mottar lønn
  • Det er utarbeidd reglar for turen, med til dømes sanksjonar for heimsending
  • Skoleeier er ansvarleg dersom det oppstår uhell
  • Turen kjem fram av verksemdsplanen til skolen/årsplan
  • Dei som ikkje er med på turen har eit organisert opplæringstilbod

Viss turen er delvis lagt til skoletida og delvis til fridagar, kan skolen velje å ta betalt for den delen som føregår på fridagar. Skolen må då legge til rette for at dei mogleg for eleven å berre delta på skoledagen, til dømes med transport.

Foreldre kan på eige initiativ foreslå å bidra til ein tur som krev meir pengar enn det skolen kan bruke. Skolen har likevel eit ansvar for at foreldreinnsamlingen føregår på lovleg måte, og bidraga skal vere frivillig og anonyme.

Les meir om gratisprinsippet (Utdanningsdirektoratet)

Presiseringar

For klasseturar i Ålesund kommune gjeld følgande retningslinjer:

  • Den enkelte skolen er ansvarleg for gjennomføringa av klasseturane på ungdomstrinnet og skal bestille, organisere og betale skoleturar som er ein del av opplæringa.
  • Økonomiske bidrag/gåver til skolen skal vera frivillig og gitt utan at det opplevast press til å bidra økonomisk.
  • Skolen skal sikre at det ikkje er synleg kven som gir/ikkje gir økonomiske bidrag/gåver.
  • Elevane kan få inntil seks overnattingar i løpet av ungdomsskoletida.
  • Prisen per deltakar på ein skoletur skal vere maksimalt kr 7 000,- (dette blir indeksregulert).
  • Skolen er ansvarleg for at det faglege innhaldet på skoleturen er ein del av opplæringa og skolen sine årsplaner.
  • Det kan veljast foreldrekontakter som organiserer dugnader, men skolen må sikre at det ikkje opplevast press for å delta.
  • Det er naturleg at økonomiske bidrag frå føresette (dugnad/gåver) blir brukt på turar/tiltak i klassen til eleven.
  • Skolen dekker utgifter til heimreise etter eventuell bortvisning.